Organisasjon
Fagorganisasjon:
Som fagorganisasjon har Folkehøgskoleforbundet – i samarbeid med NKF- forhandlingsrett for alle sine medlemmer både overfor Virke (de private folkehøgskolane) og KS (de fylkeskommunale folkehøgskolane).
Folkehøgskoleforbundet og NKF er dei einaste fagorganisasjonane som fremmer løns- og arbeidsvilkår for de tilsette i folkehøgskolen. Gjennom Folkehøgskolerådet har dei to organisasjonane nær kontakt med stortingspolitikare og departement – og fremmer krav på skoleslaget sine vegner.
Idéorganisasjon:
Fokehøgskolen som ide og skoleslagets pedagogikk, slik det først vart formulert av den danske presten, poeten og historikaren N.F.S.Grundtvig (meir om Grundtvig) i første halvdel av 1800 talet, er Skandinavias bidrag til verds-pedagogikken.
Folkehøgskoleforbundet er den viktigaste organisasjonen som forvaltar, fremmer og utvikler den frilynte folkehøgskolen som skuleslag og idé i Noreg. Også dette arbeidet rettar seg mot politikarar og styresmakter, men like viktig er arbeidet innad i skoleslaget, ved å syte for ein brei debatt rundt verdi- og idégrunnlaget. Les meir om dette i Folkehøgskoleforbundets sitt program.
Sjå også handlingsprogram og vedtekter for Folkehøgskoleforbundet.