Solidaritetsfond

Vedtekter
for Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet 

(Pr 3.6.2015)

 

1 Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag
på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999.
2 Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.

 

3 Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast.  Ved
vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå
fleire skolar.

4 Styret i Folkehøgskoleforbundet er styre for fondet.

 

5 Søknad om midlar skal innehalde

– Presentasjon av prosjektet.

– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt.

– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene.

6 Styret kan gi utfyllande prioriteringar av midlar frå fondet.

 

7 Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken, og med
undertekning av rektor, sendast Folkehøgskoleforbundet innan mars påfølgande år.
Ved manglande eller mangelfull rapportering kan midlane krevjast betalt tilbake
til fondet.

8 Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet kan endre desse vedtektene.

 

Søknadsfrist: Kunngjørast i rundskriv frå Folkehøgskoleforbundet kvart år.

 

Det skjer