Vedtekter

Vedtatt på landsmøtet på Agder folkehøgskole 19.3.2013
Med endringer vedtatt på landsmøtet på Voss folkehøgskole 2.6.2015
Med endringer vedtatt på landsmøtet på Elverum folkehøgskole 31.5.2017

§ 1  Namn: Folkehøgskoleforbundet

§ 2  Føremål

2.1 Folkehøgskoleforbundet er idé-, interesse og fagorganisasjon for norsk folkehøgskole.

2.2 Folkehøgskoleforbundet skal ta i vare medlemmene sine interesser når det gjeld lønns- og arbeidsforhold.

2.3 Folkehøgskoleforbundet skal arbeide for dei idéar den frilynte folkehøgskolen byggjer på og fremje folkehøgskolen sin innverknad og plass i det norske samfunnet.

2.4 Folkehøgskoleforbundet skal arbeide for gode og tenelege rammevilkår for norsk folkehøgskole.

2.5 Folkehøgskoleforbundet skal drive studie-, utviklings- og opplysningsverksemd.

§ 3  Medlemsskap

3.1 Folkehøgskoleforbundet har fire former for medlemskap: vanleg medlem, student/stipendiatmedlem, pensjonistmedlem og støttemedlem. Vanleg medlem har fulle rettar i organisasjonen.

3.2 Rett til vanleg medlemsskap har alle som arbeider i  eller har permisjon frå stilling i folkehøgskolen. Desse kan berre ha vanleg medlemsskap.

3.3 Styret kan etter særskilt søknad innvilge medlemskap for andre.

3.4 Rett til støttemedlemskap har elles alle som ønskjer å arbeide for dei idéar Folkehøgskoleforbundet byggjer på.

3.5 Tilsette i sekretariatet og pensjonerte frå stilling i folkehøgskolen kan organisere seg i kvart sitt lokallag.

§ 4  Inn- og utmelding

4.1 Inn- og utmelding skjer skriftleg til Folkehøgskoleforbundets sekretariat.

4.2 Den lokale tillitsvalte har ansvar for lokallagslister med endringar vert sendt sekretariatet.

§ 5  Kontingent

5.1 Landsmøtet fastset kontingenten og utrekningsgrunnlaget samt rammene for bruken av kontingenten.

§ 6  Organisasjonsstruktur

6.1 Folkehøgskoleforbundet har følgjande vedtaksledd:

Arbeidsplass:

Lokallaget

Styret i lokallaget

Lokal tillitsvalt

Landsplan:    

Landsmøtet

Forbundsstyret

Sekretariat med generalsekretær står for det daglege arbeidet i Folkehøgskoleforbundet.

§ 7  Lokallaget

7.1 Medlemmer ved den enkelte folkehøgskolen utgjer eit lokallag i Folkehøgskoleforbundet. Verksemda i lokallaga følgjer retningsliner som blir gitt av forbundsstyret og vedtak fatta av landsmøtet.

7.2 Er det minst 2 medlemmer av Folkehøgskoleforbundet ved ein skole, skal det veljast leiar og kasserar. Desse utgjer styret i lokallaget. Tel lokallaget fleire medlemmer, kan talet på styremedlemmer utvidast.

7.3 Lokallagsmøte skal  haldast når ein medlem krev det.

7.4 Støttemedlemmer knytta til ein skole kan møte i lokallaget utan stemmerett.

7.5 Årsmøtet i lokallaga skal haldast i god tid før landsmøtet. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/4 av medlemmene krev det.

§ 8  Landsmøtet

8.1 Landsmøtet er det høgste organet i Folkehøgskoleforbundet og skal haldast kvart andre år innan utgangen av juni.

8.2 Landsmøtet er sett saman av delegatar vald av lokallaga og forbundsstyret med vararepresentantar, til saman maksimalt 60 delegatar etter følgjande ordning:

• Kvart lokallag melder på representantar i prioritert rekkefølge innan frist satt av styret.
• Desse har krav på full dekning av reise- og opphaldsutgifter etter rimelegaste alternativ:
o Første innstilte frå alle lokallaga
o Styret med vararepresentantar
o Dernest andre innstilte frå lokallaga, etter fallande medlemstal til det maksimalt er 60 delegatar.
o Dersom det framleis er ledige plasser, tredje innstilte frå lokallaga etter fallande medlemstal og så frametter til det er maksimalt 60 delegatar.
• Resultatet meldes lokallaga utan opphald.

8.3 Alle andre medlemmer i Folkehøgskoleforbundet kan likevel møte på landsmøtet med tale- og forslagsrett.

8.4 Forbundsstyret legg fram årsmelding, rekneskap og budsjett til godkjenning på landsmøtet.  Styret har ikkje stemmerett i desse sakene.  Rekneskapen skal vera godkjent av statsautorisert/registrert revisor.

8.5 Landsmøtet vel forbundsstyret og dei ombod som landsmøtet vedtar skal veljast av landsmøtet.  Landsmøtet skal godkjenne forbundsstyret sitt val av revisor. Landsmøtet vel valnemnd.

8.6 Saker som skal opp på landsmøtet må meldast seinast 2 månader i forvegen. Framlegg om endring av vedtektene må meldast seinast 4 månader i forvegen.

8.7 Forbundsstyret kan gje vidare retningsliner for gjennomføringa av landsmøtet. Landsmøtet kan gjera endringar i desse.

§ 9   Ekstraordinært landsmøte

9.1  Det skal kallast inn til ekstraordinært landsmøte når 1/6 av medlemmene krev det, eller når forbundsstyret finn det nødvendig.

9.2 Ekstraordinært landsmøte skal kunngjerast med minst 14 dagars varsel. Sakliste skal følgje innkallinga.

9.3 Ekstraordinært landsmøte kan ikkje behandle eller avgjera andre saker enn dei som er nemnt i innkallinga.

§ 10  Forbundsstyret

10.1 Forbundsstyret skal leie verksemda i Folkehøgskoleforbundet mellom landsmøta og førebu landsmøtesakene.

10.2 Forbundsstyret har 5 medlemmer valt av landsmøtet blant dei vanlege medlemmene. Kvart kjønn skal vera representert med minst 2 medlemmer.

10.3 Landsmøtet vel leiar ved særskilt val.  Val skal vere skriftelege dersom det er fleire forslag til leiar, styremedlemmer eller varamedlemmer. Styret vel seg imellom nestleiar og sekretær.

10.4 Landsmøtet vel 3 nummererte varamedlemmer til styret. Varamedlemmane møter til vanleg i styret, men utan røysterett.

10.5 Leiar og styremedlemmer med varamedlemmer blir valde for 2 år om gongen.

10.6 Forbundsstyret kan gje vidare retningslinjer for valnemnda. Landsmøtet kan gjere endringar i desse.

§ 11  Sekretariatet

11.1 Sekretariatet utfører under ansvaret til forbundsstyret det daglege arbeidet i Folkehøgskoleforbundet. Sekretariatet skal ha ein generalsekretær.

11.2 Generalsekretæren skal veljast på landsmøtet etter innstilling frå styret for 4 år om gongen. Mellom landsmøta kan forbundsstyret utnemne generalsekretær fram til landsmøtet.

§ 12  Endring av vedtektene

12.1 Endring av vedtektene kan berre vedtakast av ordinært landsmøte.

12.2 Framlegg til endring av vedtektene må vera forbundsstyret i hende 4 månader før landsmøtet. Framlegg skal så raskt som råd sendast lokallaga.

12.3 Endring av vedtektene må ha 2/3 fleirtal på landsmøtet.

§ 13  Oppløysing

13.1 Framlegg om oppløysing av Folkehøgskoleforbundet må vera framsett minst 6 månader før ordinært landsmøte og skal så raskt som mogleg sendast ut til lokallaga.

13.2 Vedtak om oppløysing kan gjerast av landsmøtet med 2/3 fleirtal.

13.3 Dersom oppløysing blir vedtatt, skal det same landsmøtet avgjera korleis midlane til Folkehøgskoleforbundet skal disponerast.

13.4 For framlegg til samanslåing av Folkehøgskoleforbundet med andre organisasjonar gjeld også reglane i punkta 13.1 og 14.2.

Det skjer