Idé- og prinsipprogram
Programmet blir revidert og lagt frem for landsmøtet hvert fjerde år. Revisjonen blir gjord av en nemd satt sammen av representanter fra skolene, representanter fra styret, generalsekretær og styreleder.
Frilynt folkehøgskole vektlegger grunnleggende humanistiske verdier, som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfrihet, likeverd, solidaritet og aksept for den enkeltest integritet.
Idé- og prinsipprogram for Folkehøgskoleforbundet 2025 – 2029:
Del A: Idéprogram
Idégrunnlag for Folkehøgskoleforbundet
Norsk folkehøgskule starta som eit folkeopplysningsarbeid, der Nikolai Fredrik Severin Grundtvig sitt skulesyn og menneskesyn var den viktigaste inspirasjonskjelda. Hans menneskesyn og skuletankar, som trakk vekslar på både opplysningstida sin rasjonalisme, romantikken sine opplysningstankar og kristen-humanisme, la grunnlaget for eit skuleslag med danning og folkeleg opplysning som dei viktigaste måla.
Grundtvig såg på livet som «…et guddommelig Experiment af Ånd og Støv», der frie menneske møter frie tankar, med respekt for det enkelte mennesket og livet i seg sjølv. Med utgangspunkt i dette ville han skape ein historisk-poetisk skule, der lærarar og elever skulle møtast for å utforske livets gåte. Poesi, myter og dikting var uttrykk for folket sine draumar, og historia var fortellinga om korleis dette vart gjort til røyndom. Gjennom fri utforsking av kven vi er og kvar vi kjem frå, skulle skulen opne opp for det som kunne være eit framtidig potensiale. Elevar og lærarar skulle møtes i augehøgde, og i ein levande vekselverknad mellom menneske, historie, vitskap, kunst og kultur, gjere seg erfaringar og hauste kunnskap. Denne kunnskapen danna så grunnlaget for ei forventning om korleis framtida skulle bli.
Grundtvig ville skape ein skule som tok utgangspunkt i menneskelivet slik det blir levd her og no, samtidig som den verdsette at mennesket som åndsvesen alltid vil søke ut over seg sjølv. Slik skulle ein gi elevane livsopplysning, og gjere dei i stand til å ta aktivt del i både eige liv og i samfunnslivet.
Den frilynte folkehøgskulen sitt verdigrunnlag
Verdisynet til den frilynte folkehøgskulen bygg på eit humanistisk syn på individet sin fridom og ansvar for fellesskapet.
Frilynt folkehøgskule vektlegg grunnleggande humanistiske verdiar, som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, likeverd, solidaritet og aksept for den einskilde sin integritet. Skuleslaget tar med seg disse verdiane inn i ein frilynt tradisjon, der folkeleg danning, demokrati, ytringsfridom og toleranse står sentralt.
Frilynt folkehøgskule har tru på at både enkeltmennesket sin fridom, og ansvaret for fellesskapet og naturen, blir ivaretatt gjennom etisk refleksjon rundt våre handlingar, kritisk fornuft og verdiar som er forankra i menneskerettserklæringa og FN sine berekraftmål.
Danning
Folkehøgskulen legg vekt på folkeleg danning, og ser på dette som ein av grunnpilarane i et demokratisk samfunn. Folkeleg danning er ein prosess som utviklar evna til å være merksam på seg sjølv, sine medmenneske og den verda vi lever i. Gjennom danningsprosessen blir dei eigenskapane og kunnskapane som kjenneteiknar et liv med sjølvbestemming, medbestemming og solidaritet utvikla, og et liv der ein finn mot og entusiasme til å leve i fridom og fellesskap med andre.
Kunnskap er dannande når den gjer moralske og normative aspekt ved verda forståeleg og forpliktande.
Menneskesyn og samfunnssyn
Mennesket er et undrande og skapande åndsvesen, som gjennom tankar, kjensler og handlingar søker mening i og med livet. Alle menneske er unike og utviklar seg i møtet med andre, basert på kjærleik som ein føresetnad for erkjenning og læring.
Folkehøgskulen har tru på mennesket sine ibuande mogelegheiter, evner og vilje til å forme eigne liv gjennom å tileigne seg kunnskap, ta ansvar og påverke sine omgjevnader og dei samanhengar det står i.
Unge menneske skal lære å orientere seg i samtida, gjere seg opp eigne meningar og ta eigne val, og bli ein del av den demokratiske beredskapen i samfunnet. Folkehøgskulane anerkjenner at samfunnet står overfor ei rekke store utfordringar knytt til overgangen til et berekraftig samfunn, og ser det som ein del av danningsoppdraget.
Eit fleirstemt læringslandskap
Folkehøgskulen legg vekt på at læring skjer i sosiale fellesskap, og det sosialpedagogiske er like viktig som det det faglege innhaldet. Ein eksamens- og karakterfri skule er føresetnaden for ein dialogprega pedagogikk, som har dei rette spørsmåla meir i fokus enn dei rette svara, prosess meir enn produkt, den frie og likeverdige samtalen meir enn kunnskapsoverføring.
Eit særtrekk ved folkehøgskulen er det fleirstemte læringslandskapet. Det pedagogiske arbeidet blir utført på fleire ulike læringsarenaer, og involverer heile personalet på ein skule. I tillegg til undervisninga er internatet en sentral del av rammene for det pedagogiske opplegget på skulene, og blir brukt aktivt i danningsprosessen.
I samspel mellom å utvikle personleg autonomi og sosialt ansvar, utfordrar folkehøgskulen den einskilde til å sjå seg sjølv i ein større samanheng og reflektere over eigne verdiar.
Undervisninga i folkehøgskulen tar utgangspunkt i elevane sitt eige liv, og den lokale og kulturelle forankring den einskilde tilhøyrar. Pensum- og eksamensfridomen gjer at skulene kan sette rammer for forpliktande fellesskap som skaper mot, lyst og ansvar for å delta og lære. Læringa er praksis- og erfaringsbasert, og undervisninga er prega av eit stort mangfald. Mykje av læringa skjer mellom elever, og mellom tilsette og elever. Undervisninga utviklar elevane sine evner til kritisk refleksjon, etisk medvit og solidaritet, gjennom deltaking i forpliktande fellesskap.
Det fleirstemte læringslandskapet legg til rette for danning, som er skuleslaget sitt hovudmål.
Del B: Prinsipprogram
Basert på idégrunnlaget, danningssynet og menneskesynet som kjem til uttrykk ovanfor, skal Folkehøgskoleforbundet arbeide for:
- den einskilde si danning, fridom, utvikling og myndiggjering, slik at alle, uavhengig av bakgrunn, kan finne mot til meiningsfull og forpliktande deltaking i samfunnet.
- eit ope, inkluderande, demokratisk og berekraftig samfunn der alle deltar i solidaritet og med gjensidig respekt for det menneskelege mangfald og naturen.
- gode rammer for ein fri, aktuell og framtidsretta folkehøgskule med høg kvalitet.
- vidareutvikle folkehøgskulen som et skuleslag for danning og folkeleg opplysning.
- å sikre at alle har ei reell, praktisk og økonomisk mogelegheit til å gå på folkehøgskule.
- ein attraktiv og god arbeidsplass for alle som jobbar i skuleslaget.
Del C: Prioriterte områder 2025 – 2029
Folkehøgskulen skal gå engasjert og modig inn i vår tid. Vi erkjenner at klimakrisa krev handling og set demokratiet si løysingsevne på prøve. Vi vil møte klimafiendskap og antidemokratiske tendensar med humanistiske verdiar, og arbeide for at skulane skal bidra til at elevane aukar sine kunnskapar og evner til å leve berekraftige liv.
Dagens folkehøgskuleelevar har vakse opp med ein politisk og teknologisk røyndom der skiljet mellom sant og usant – og dermed mellom rett og gale – blir utfordra. Den utfordringa skal vi møte saman med elevane. Folkehøgskulen skal tilby levande og mangfaldige demokratiske fellesskap, der den einskilde elev blir møtt med respekt. Vi skal kjempe mot utanforskap med inkludering og solidaritet.
På bakgrunn av idé- og prinsipprogrammet skal følgande punkter være prioriterte arbeidsområde for Folkehøgskoleforbundet i den komande perioden. Styret bestemmer prioritering i det daglege arbeidet.
I idé- og utviklingsarbeid skal Folkehøgskoleforbundet:
- være skuleslaget sitt sentrale organ for å ivareta og formidle folkehøgskulen sine idéar, tenking, praksis og pedagogikk.
- ha eit særleg fokus på demokratisk beredskap, fredsarbeid og danning .
- bidra til skuleutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid, med et spesielt fokus på folkehøgskulen som ein arena for dialog og demokratisk danning.
- bidra med tilbod om pedagogisk opplæring og kurs til alle yrkesgrupper på skulene.
- arbeide for å ta vare på seniorane sine ressursar og erfaringar i idé- og utviklingsarbeidet.
- arbeide for større mangfald og representativitet i folkehøgskulen
- inspirere skulane til å redusere sitt klimaavtrykk gjennom drift og aktivitetar, og arbeide i lojalitet med felles bærekraftsvedtak i organisasjonane i norsk folkehøgskule.
- bidra til forskings- og utviklingsarbeid i skuleslaget.
- arbeide for eit konstruktivt samarbeid med dei andre organisasjonane i skuleslaget, og delta i drøftingar om ei mogeleg ny organisering av Folkehøgskolekontoret, og ev. samanslåing av organisasjonar.
- styrke songtradisjonen i folkehøgskulen.
- være rusta for, og delta i den skulepolitiske debatten. Folkehøgskulen skal være motvekt til målstyring, og arbeide aktivt for å formidle vår samfunnsnytte ut frå eigne verdiar og på eigne premissar.
- arbeide for å auke kompetansen for skulane sine styrerepresentantar, omkring drift av folkehøgskule.
- sikre god implementering av ny lov og forskrift, inkludert forståing av revidert formålsparagraf.
- bidra til å styrke samarbeid, erfarings- og ideutveksling i nordisk folkehøgskule.
I arbeidet inn mot myndigheitene skal Folkehøgskoleforbundet:
- arbeide for gode rammevilkår for folkehøgskulane.
- arbeide for støtte frå myndigheitene til prosjekt som fremmer skuleslaget sitt dannings- og folkelege opplysningsoppdrag.
- arbeide for i auke i statleg tilskot til finansiering av etter- og vidareutdanning av tilsette i folkehøgskulen.
- arbeide for å betre studiefinansieringa for folkehøgskuleopphold.
På arbeidslivsfeltet skal Folkehøgskoleforbundet:
- arbeide for gode og rettferdige arbeidsforhold for alle medlemmer.
- vidareutvikle organisasjonen til beste for medlemmene, inkludert å gje opplæring og støtte til lokallagsarbeid.
- bidra til å vidareutvikle den norske tre-part-modellen i utdanningssektoren og ivareta dei overordna rammevilkåra for tilsette.
- arbeide for å styrke rekrutteringa innanfrå til leiarstillingar i skuleslaget.
- jobbe for avtaleverk som tar vare på både arbeidstakarar og skuleslaget sitt særpreg.
- styrke det lokale partssamarbeidet gjennom tillitsvaltopplæringa.
- arbeide for å rekruttere alle leiarar i folkehøgskulen som medlemmer.
- arbeide for å auke medlemstalet i alle yrkesgrupper.