Om forbundet
Fagorganisasjon:
Som fagorganisasjon har Folkehøgskoleforbundet – i samarbeid med Noregs Kristelege folkehøgskolelag (NKF) – forhandlingsrett for alle sine medlemmer både overfor Virke (de private folkehøgskolane) og KS (de fylkeskommunale folkehøgskolane).
Folkehøgskoleforbundet og NKF er dei einaste fagorganisasjonane som fremmer løns- og arbeidsvilkår for de tilsette i folkehøgskolen. Gjennom Folkehøgskolerådet har dei to organisasjonane nær kontakt med stortingspolitikare og departement – og fremmer krav på skoleslaget sine vegner.
Idéorganisasjon:
Folkehøgskolen som ide og skoleslagets pedagogikk, slik det først vart formulert av den danske presten, poeten og historikaren N. F. S. Grundtvig i første halvdel av 1800 talet, er Skandinavias bidrag til verds-pedagogikken.
Folkehøgskoleforbundet er den viktigaste organisasjonen som forvaltar, fremmer og utviklar den frilynte folkehøgskolen som skuleslag og idé i Noreg. Også dette arbeidet rettar seg mot politikarar og styresmakter, men like viktig er arbeidet innan skoleslaget, ved å syte for ein brei debatt rundt idé- og prinsipprogrammet.
Sjå også handlingsprogram og vedtekter for Folkehøgskoleforbundet.