FHF sitt høyringssvar til NOU 2022:16 En folkehøgskole for alle

Folkehøgskoleforbundet har levert sitt høyringsnotat til NOU 2022: 16, «En folkehøgskole for alle». I høyringsprosessen har alle medlemmer, tillitsvalde og lokallag blitt invitert til å kome med sine innspel.

NOU-utvalet har lagt vekt på at ein ynskjer levedyktige og gode folkehøgskular, med brei aksept for sitt samfunnsmandat. Det er med andre ord ein svært positiv inngang til arbeidet med å sette kurs for folkehøgskulesektoren vidare framover. I høyringsprosessen har FHF invitert alle medlemmer og lokallag til å kome med sine innspel. NOU-rapporten har også vore tema for styremøte, utvalsmøte, ved besøk på skular og felles møtestader som blir arrangert gjennom året. I tillegg har tema for rapporten vore grundig drøfta i kvardagen både sentralt og på skulane.

Eit overordna tema for utvalet har vore å skape ein folkehøgskule med høg kvalitet som er tilgjengeleg for alle. Ei rekke tiltak blir foreslått, og desse blir kommentert i FHF sitt høyringssvar. Formålsparagrafen er overordna i lova, og det ligg føre eit forslag til ny formulering av denne. FHF sluttar seg ikkje til forslaget frå nemnda, men tar utgangpunkt i gjeldande formålsparagraf og kjem med ei alternativt formulering. FHF held fast på at sjølvevaluering er ein god reiskap for skuleutvikling og denne bør heller brukast meir aktivt enn å bli eit reint internt dokument. Slik forslaga er formulert i NOU-rapporten vil det bety kroken på døra for seniorskulane. For å støtte opp om målsettinga om at folkehøgskule skal vere for alle, blir det i FHF sitt høyringssvar lagt sterk vekt på at skulane treng ei ordning for å kunne arrangere kurs med danning og folkeleg opplysning for alle aldersgrupper.

Ei rekke andre innspel bidrar til å forme kursen for frilynt folkehøgskule framover. God lesnad!

Vedlegg:  Folkehøgskoleforbundets høringssvar til NOU 2022: 16.

Kalender