
Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet
Frihet i fellesskap – folkehøgskolens relevans i en urolig tid er sett som overskrift på landsmøtet 2025. Vi er inne i ei uroleg tid på ulike måtar i 2025. Vi har på kort tid fått ein mindre trygg verdssituasjon prega av krig, ein usikker økonomisk situasjon og demokrati som forvitrar. I tillegg er ungdommar i sterk grad prega av det som skjer i sosiale medium, og den ukritiske påverknad som influensarar har. Klima- og miljøspørsmåla gir oss framleis store utfordringar. For mange er likevel låge elevtal det mest alvorlege og akutte problemet.
Demokratisk beredskap er på lang sikt det som sikrar både fred og dialog. Demokratisk danning skal prege det pedagogiske arbeidet i folkehøgskulen, og dette blir spegla i revisjonen av FHF sitt idé- og prinsipprogram som også blir presentert på landsmøtet.
Kunnskapsdepartementet legg i juni 2025 fram for Stortinget ei revidert folkehøgskulelov. Vi har frå starten då NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle vart utforma, og gjennom lovprosessen, blitt invitert til å bidra. Vi har blitt lytta til. Dei signal vi har fått så langt er tydelege på at ein ynskjer å skape ein sterk og fri folkehøgskulesektor som skal bestå inn i framtida.
Desse perspektiva dannar bakteppet når kveiktalar Gudmund Hernes opnar møtet tysdag 26. mai. Hernes har bak seg ei lang karriere som professor og politikar. Han er særleg kjent for Reform 94 og Reform 97, der han m.a. har formulert den overordna delen av læreplan for norsk skule.
På landsmøtet planlegg vi m.a. innlegg og seminar knytt til folkehøgskulen sin relevans inn i ei uroleg tid. Vi skal ha seminar med ei analyse av situasjonen, og invitasjon til erfaringsdeling for å finne gode løysingar for medlemmene sitt arbeid inn i framtida. Raftostiftelsen, som arbeider pedagogisk med demokrati og menneskerettar, bidrar med innlegg på landsmøtet.
I samarbeid med Karmøy folkehøgskule ynskjer Folkehøgskoleforbundet deg velkomen til møtedagar med viktige og spennande tema, og triveleg sosialt samvær, måndag 26. til onsdag 28. mai 2025.
Vel møtt til viktige og inspirerande dagar saman med engasjerte kollegaer!