Prolog – 150 års jubileet til folkehøgskolen

Her leser du prologen som ble framført på jubileumsarrangementet for folkehøgskolen 150 år i Norge. Prologen åpnet hele forestillingen i Hamar kulturhus lørdag 1. november, på dagen 150 år etter Sagatun folkehøgskole hadde sin offisielle åpning på Hamar, som landets første folkehøgskole. Prologen er skrevet av Ronnie MAG Larsen, forfatter og lærer på Holtekilen folkehøgskole. Prologen ble framført av Helga Myhr, elev ved Ringerike folkehøgskole, før 250 elever fra Toneheim og Romerike folkehøgskoler stemte i med bursdagssangen Hurra for deg!  

Prolog – 150 års jubileet

 

Kjære alle som ein.

 

Det er ein stor festdag for eit skuleslag som i grunn er lite om ein samanliknar med Mount Everest. Men skuleslag skal aldri samanliknast med høge fjell, og folkehøgskule handlar om så mykje meir enn å nå ein livsfarleg konkret fjelltopp.

 

Vi er verdas danning i ei tid der danning er ut, medan utdanning visstnok er inn. Ikkje til å bli klok på, men kva vil det seie å vere klok? Nokre har fått det for seg at opplysning handlar om å lede andre inn og opp i lyset. At lyset er der borte ein stad. Men lyset finnast i kvart eit auge, i kvart eit menneske, berre det blir sett.

I 150 år har Grundtvig gitt oss lys og varme. Solskin. Solskin. Solskin. Trass mørkets harme.

 

Vi tek ungdommen på alvor seiast det. Vi tek ungdommen, men det er som alle veit ungdommen som til ei kvar tid tek oss. I 150 år har ungdommen stått på kanten av livet og hoppa frå ulik høgde, i armane våre. Så lev vi saman dag for dag, time for time og andar saman,… minutt for minutt… menneske for menneske. Menneske som møter menneske, elev og lærar der læraren lærer like mykje av eleven som eleven lærer av læraren. To som er likeverdige med ulik ballast, og livserfaring. Medmenneske som formar kvarandre og skapar nytt liv, nye tradisjonar med kultur som nokon kallar ukultur fordi dei ikkje har gått på folkehøgskule. Ingen over, det er ikkje det.

 

Mange lev i livsløgna om at verda har blitt mindre og draumane større. Men nærleiken til det som veks sakte som gras er det vi som tek oss av. Det er folkehøgskulen som stoggar tida slik at den einskilde får vere med vidare i livet når toget forlèt perrongen etter eit skuleår. Det er vi som har det sterkaste samhaldet der kvar og ein får gnisten attende i hjartet. Og det er vi som helsar på deg der du forsvinn i kvardagsmengda etter ei tid, og eit levd liv. Det er ingen over.

 

 

For nokre er det å møte opp i eit klasserom ei større bragd enn å klatre til topps. Og om du ikkje klarer det på fyrste forsøk, og må gå attende til basecampen i internatet, så er det også greitt. Men i morgon, eller om ei veke, kjem du heilt inn. Garantert. Og vi er der for å sjå bragda saman med deg. Heier deg fram, på eigne premiss. Der kvardagsprestasjonar er vegen og målet.

 

Eg ser deg no kjære elev. Eg ser deg no kjære kollega. Eg ser alle som i 150 år har blitt rikare utan pengar, tryggare utan fast grunn og flinkare utan eksamen. Eg ser deg i kvitauget og veit at vi saman gjer verda til ein betre stad, enn om vi ikkje hadde vore her. Og det bør vere grunn god nok til å ha livets rett i all æva.

 

Vi er ikkje større enn Mount Everest, men det er ingen over. Nei, i folkehøgskulen er det ingen over fordi i folkehøgskulen står alle ved sida av kvarandre. Ikkje over, ikkje under, men ved sida av kvarandre.

Ved utsida, ved innsida. Ved sida. Alltid saman. Saman, sjølv om vi er åleine.

 

Alle som ein!

 

Gratulerer med dagen!!

 

Ronnie MAG Larsen

28.10.2014

Kalender