Song som danningsarena

Motstanden er til å ta og føle på når vi på min skule set i gang eit song- og korprosjekt over fire dagar ei regntung novemberveke. Aktive friluftlivselevar argumenterer med at «Vi kom ikkje hit for å synge i kor». Det kan stemme at dette ikkje er det som står øvst på skulen sine web-sider, men lange tradisjonar og mange gode erfaringar driv dette arbeidet vidare framover. For dei som er opptatt av friluftsliv er dette ein ny måte å bruke kroppen på.

Det kan vere krevjande å halde fast ved og forklare at song og kor er viktig. Danning­sperspektivet i songaktiviteten kan vere vanskeleg å artikulere overfor elevane, – dette er noko ein må vere med på, arbeide seg igjennom og gjere erfaringar med, før opplevinga i seg sjølv kan gi den einskilde gode svar.

Når song genererer motstand og ikkje er ein sjølvsagt del av kvardagen, speglar dette dei erfaringar som dei fleste av elevane har. Frå 2006 då Kunnskapsløftet vart innført og seinare ny overordna del av læreplanen for grunnskulen, har vekta på målbare resultat blitt større. Ordet «song» er fjerna frå den siste utgåva av den overordna delen av læreplanen. Dette får naturleg nok konsekvensar for kvardagen for elevane i grunnskule og vidaregåande. Det blir stadig mindre song i skulen dess lenger opp i klassetrinna ein kjem, og kun 1 prosent av elevane i ungdomsskulen syng dagleg.

Danningsperspektiva i song og kanskje enno meir i koraktivitet, er viktige og nyttige. For den einskilde bør det å lære om song og musikk, og få ei innføring i det som høyrer til både vår nære og fjerne kulturarv vere sjølvsagt. Å delta, meistre, og få god tilbakemelding og applaus er på magisk vis styrkande for sjølvbiletet. Og ikkje minst å kjenne på at øving og terping gjer ein tryggare og gir resultat. I fellesskapet er det mykje god læring i å finne når eins eiga stemme blir ein del av harmonien og når ein opplever at det er viktig å støtte og hjelpe kvarandre. For mange er det også ei ny oppleving å bidra til ein konsert, å stå på scena og vere den som skal formidle eit uttrykk med respekt for det publikum ein inviterer inn. Å bidra til ein presentasjon for ei forsamling krev òg samarbeid, konsentrasjon og disiplin. I tillegg til at song formidlar viktige sider frå vår kulturarv er det også ei kunstform som bidrar til  tankeflukt, kreativitet og kunnskap.

Krafta i musikken og i estetikken, styrken i ein god melodi, fargespekteret i harmoniseringa og den opninga som poesien gir for å sette nye ord på kjensler og tankar gir stor glede og rikdom.

Folkehøgskulen har lange songtradisjonar og dette ynskjer vi halde fast ved i uoverskueleg framtid. «Norsk sangbok» som er frilynt folkehøgskule si eiga samlinga av songar, kom i haust i ny utgåve. Nokre songar ser ut til å vere rotfesta i songboka for alltid, medan mange er tatt bort og nye har kome til. Ei engasjert songbok-nemnd har i koronatida berre hatt digitale møter, men har likevel makta å presentere eit fyldig og svært spennande konsept. Boka er eit uvurderleg verktøy til morgonsamlingar, skulekor, arrangement ved skulen og ikkje minst for dei som driv musikal- og musikklinjer. Løp og kjøp, – og syng!

Einar Opsvik,

Leiar Folkehøgskoleforbundet

Kalender