Takk for 2021

Folkehøgskoleforbundet vil takke alle medlemmer, tilsette og samarbeidspartnarar for året vi har lagt bak oss!
Det har stilt store krav til skulane og den einskilde medarbeidar om å tilpasse seg og finne kreative løysingar i eit uføreseieleg landskap.

Vi har i 2021 vedtatt eit nytt ide- og prinsipprogram som skal stake ut vegen framover. Arbeidet med å skape ein god folkehøgskule blir aldri eit avslutta prosjekt, men er eit kontinuerleg arbeid. Det overordna er å dra nytte av folkehøgskulen sitt unike fleirstemte læringslandskap til å skape ein skule der det historisk-poetiske knyter band til historia og utfordrar den einskilde sin danningsprosess.

Vi ser fram til eit spennande år med stadig nye møteplassar i kvardagen for elevar og tilsette. Vi vil arbeide for at folkehøgskulen sin pedagogikk og ideologi på eit stort spekter av læringsarenaer, bidrar til å skape magi i møtet mellom menneske.

Godt nytt år!
Foto: Møre folkehøgskole
Kalender