FHF-rundskriv 7/2023: Utlysing av midlar frå Akademifondet – til framhjelp for norsk kulturreising

Utlysing av midlar frå Akademifondet – til framhjelp for norsk kulturreising

Vedlagt følgjer informasjon om tildeling av midlar frå Akademifondet.  Folkehøgskoleforbundet er ein av tre organisasjonar som står bak fondet. Det kan deles ut inntil NOK 435.000 frå fondet.

Bakgrunnen for Akademifondet

Fondet vart oppretta etter at Rauland Folkehøgskule og Akademi vart nedlagd  i 1988, og bygningane gjekk over til Raulandsakademiet. Dei tre organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Norsk Folkehøgskolelag (Folkehøgskoleforbundet i dag) stod bak skipinga av skulen. Idegrunnlaget til desse organisasjonane prega til ei viss grad miljøet og drifta ved skulen; norsk målreising, folkeleg kulturarbeid og verdiane i den frilynde folkehøgskuletradisjonen. Det er difor naturleg at desse ideane er nedfelte i statuttane for det fondet som var skipa som ein del av det økonomiske oppgjeret då skulen vart nedlagd. Fondsstyret er samansett av ein representant frå kvar av dei tre organisasjonane.

Målgruppe og krav til søknad

I følgje statuttane skal Akademifondet gje støtte til tiltak innan t.d. folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Fondsstyret ynskjer å legge til grunn ei vid tolking av desse omgrepa, og ser gjerne at utøvarar og andre brukarar av folkeleg kultur søkjer. Ein vil og inspirere til, og auke forståinga for, å samle inn, ta vare på og nytte tradisjonar innan det folkelege kulturarbeidet.

Så vel privatpersonar som lag, organisasjonar og institusjonar kan søkje om utdeling frå fondet. Fondet har tidlegare delt ut støtte blant anna til bokutgjevingar, lokale teateroppsettingar, målprosjekt, folkedans og folkemusikk, bunadsutstilling, elektronisk tidsskrift m.m.

Søknadsfristen er 31. mars kvart år

Søknaden må innehalde:

  • Ei kort utgreiing om tiltak/prosjekt, føremål, dei som står bak osb.
  • Plan for gjennomføring
  • Kva positive verknader innanfor Akademifondet sitt verkeområde ser du/de?
  • Budsjett, finansieringsplan og søknadssum

Vilkår for tiltak som får støtte:

  • Fondet krev rekneskap og rapport etter at tiltaket er gjennomført.
  • Midlane kan krevjast attende dersom tiltaket ikkje vert gjennomført, eller dersom midlane har vorte nytta til anna enn føresett.
  • I unntakstilfelle kan det og søkjast i etterhand til tiltak som er gjennomført. For desse skal det leggast ved rekneskap og rapport.

Søknad sendes til angelina@folkehogskole.no innen 31. mars 2024

Med beste hilsen

Einar Opsvik                                                                     Angelina K. Christiansen
leder                                                                                      generalsekretær           

Vedlegg: Statuttar Akademifondet

Kalender