FHF rundskriv 9/2023: Invitasjon til landsmøtet 2023 31. mai – 2. juni 2023

Invitasjon til Landsmøtet 31. mai – 2. juni 2023

Vi inviterer med dette til landsmøte i Folkehøgskoleforbundet (FHF) på Sogndal folkehøgskule, 31. mai – 2. juni 2023. Vedlagt sender vi ut invitasjonsfaldar for landsmøtet. I samarbeid med Sogndal folkehøgskule har vi sett saman eit interessant og aktuelt program for delegatar, øvrige medlemmer og gjestar.

Medlemmer som ynskjer vere med på landsmøtet, men som ikkje er valte delegatar frå sitt lokallag, er hjarteleg velkomne til å ta del. Reise- og opphaldsutgifter for deltakarar på landsmøtet som ikkje er delegatar blir ikkje dekka av FHF. Medlemmer som ikkje er delegatar har tale- og forslagsrett under landsmøteforhandlingane, men ikkje stemmerett.

Påmelding til landsmøtet 2023 sendast til: angelina@folkehogskole.no Påmeldingsfrist er 1. mai.

For utfyllande informasjon delegatordninga viser vi til innkalling til landsmøtet i rundskriv 4/2023: FHF rundskriv 4 2023 Innkalling til landsmøte.

Andre saker som lokallaget ynskjer å ta opp på landsmøtet må meldast innan 31. mars.

Program og sakspapir til landsmøtet vil bli sendt ut i slutten av april månad.

 

Med beste helsing

 

Einar Opsvik                                                                  Angelina Christiansen
leiar                                                                                  generalsekretær

Vedlegg: Invitasjonsbrosjyre til Landsmøtet 2023

Kalender