Ny leiar i rektorlaget

Rektorlaget sitt årsmøte vart gjennomført under Lederforum på Hasle Linie Hotel i Oslo i november 2021. Ketil Foss frå Pasvik folkehøgskule, vart valt som ny leiar.

Rektorlaget vart beslutta oppretta som eige lokallag under landsmøtet på Skogn folkehøgskule i mai 2019. Rektorlaget erstatta det tidlegare rektorutvalget. På lederforum i Oslo 10.11.21 vart  det valt ny leiar for rektorlaget.

Det nye styret er samansett slik:

  • Ketil Foss – tillitsvalgt og styreleder
  • Silvia Van Hesik Førde – nestleder
  • Mariann Aaland – styremedlem
  • Kristian Lund Silseth – vara

Rektorlaget er eit landsomfattande lokallag for rektorar. Hensikten med eit landsomfattane lokallag er å tydeleggjere kva rektorar kan få hjelp i saker som m.a. dreier seg om rektor som arbeidstakar. Laget skal også vere ein arena for skulepolitiske drøftingar i forbundet. Rektor kan såleis vere representert med ein tillitsvalt.

Forbundsstyret har beslutta at ein rutinemessig vil be rektorlaget innstille ein kandidat til Folkehøgskulerådet (FHSR) i dei periodane leiar av FHF er nestleiar i FHSR.

Rektor er som tidlegare medlem i eige lokallag. I vedtekene for FHF §7 står følgande:

7.6     Rektormedlemmer tek og del i lokallaget ved eigen skole, unntatt i saker som omhandlar førebuing til møter etter medbestemmelsesdelen i hovudavtalane. Se vedtekter.

Oppgåver og retningslinjer for rektorlaget finn du her.

Tillitsvalgt Ketil Foss har følgande kontaktinformasjon:
Telefon Pasvik fhs.: 78 96 41 00
Ketil Foss, mobil:
epost: ketil.foss@tffk.no

Kalender