NF-rundskriv 1 – 2004 Innkalling til landsmøte 2004

Det blir med dette kalla inn til landsmøte i Norsk Folkehøgskolelag måndag 29. mars – torsdag 1. april. Møtet opnar på ettermiddagen måndag og blir avslutta etter frukost torsdag.

Møtet blir halde på Olavskulen Folkehøgskule på Bømlo. Ein faldar frå skolen med opplysningar om møtet og påmelding blir sendt ut om ikkje lenge.

 

Vi oppmoder lokal-, distriktslag, nemnder og utval til å melde saker til møtet før 30. januar.

 

Styret har førebels sett opp desse sakene:

– Debatt om kjerneverdiar i folkehøgskolen

– Forhandlingssituasjonen

– Det nordiske samarbeidet

– Folkehøgskolefilmen og andre aktuelle saker frå IF

– Landsmøte også i 2005?

– Folkehøgskolesamling i Hamburg i august

 

Vi minner om at vi har bedt om tilbakemeldingar når det gjeld den lokale diskusjonen om kjerneverdiar innan 15. januar. Denne fristen kan tøyast til 23. januar.

 

Når det gjeld saka om landsmøtet i 2005, er dette eit framlegg som har samband med at NF er 100 år neste år, og at dei nordiske møta ikkje skal kollidere med junimøta. Blir dette vedtatt, vil det også få konsekvensar for valperioden for styremedlemmene. Denne vil da bare bli på eitt år. (Deretter to år frå 2005)

 

Sakliste og sakspapir blir sendt ut i februar.

 

Alle medlemmer i NF har rett til å møte med fulle rettar på landsmøtet, men det blir gitt reisedekking til to representantar frå lokallag med meir enn fem medlemmer, til ein representant dersom lokallaget har færre medlemmer. I tillegg blir reisedekking gitt til distriktsleiarar, medlemmer og varamedlemmer til styret og medlemmer av nemnder, råd og utval.

Vikarutgifter for desse vil også bli dekt av Folkehøgskolerådet

 

Med helsing

 

Mai-Evy Bakken           Dag Wollebæk

leiar                             dagleg leiar

Kalender