NF-rundskriv 20 – 2004 Kurs for tillitsvalgte 2004

Den årleg Samnemnda-konferansen for tillitsvalte blir som tidlegare på Fefor, i år i tida 2.- 4. november.

Vi viser til den vedlagte invitasjonen med program frå Samnemnda.    

 

Kven kan reise?

Som tidlegare har vi rekna med at kvart lokallag sender ein representant, helst lokallagsleiaren. Invitasjonen går også til distriktsleiarane og vararepresentantane til styret i NF, Skoleleiarutvalet, NF-medlemmer i Folkehøgskolerådet og styringsgruppa i FUS.  Desse kan møte i tillegg til lokallagsleiarar.  Kan tillitsvalte ikkje møte, ber vi lokallaget velja ein annan representant.  Alle skolar bør vera representerte. 

 

Forkurs for nye tillitsvalte

Som før blir også nye tillitsvalte invitert til eit eige forkurs som tar til måndag 1. november.

Sjå invitasjonen frå Samnemnda  

 

Distriktsleiarane

Det blir som tidlegare kalla inn til møte mellom styret i NF og distriktsleiarane.  Møtet blir måndag 1. november kl.  16.00– 18.00  Det meste praktiske for desse vil vera å koma saman med deltakarane på forkurset.  Dersom nokon av distriktsleiarane ikkje kan møte, er det viktig at ein annan representant for distriktet møter i staden.    

 

Det blir sendt eiga innkalling til distriktsleiarane med førebels sakliste.   

 

Påmeldingsfrist:18. oktober 2004  

 

Særmøte for NF

Det er også i år sett av til særmøte.  Det er sett opp slik førebels sakliste for særmøtet:

–         Ny prosess for pedagogisk utviklingsarbeid i frilynt folkehøgskole

–         Arbeidet med nytt program for NF

–         Jubileumslandsmøtet 2005

–         Samlokaliseringsspørsmålet (IF/IKF)

–         TV-serien

–         Dei nordiske støtteordningane

Vi tar svært gjerne i mot framlegg frå lokallaga eller distriktsstyra til tema som bør takast opp på særmøta.   

 

Reglar for reisetilskott.

Billegaste reisemåte blir dekka.  Dei som reiser med tog, bør skaffe seg NSB kundekort. Det gir 10 eller 40% rabatt på togreiser.  Kortet gjeld eitt år og kan kjøpast på jernbanestasjonar og NSB reisebyrå.  Ta med foto.  Utgifter til kortet kan førast på reiserekninga.  Få med kvittering for kjøpt kundekort. Somme organisasjonar har avtale med NSB om kundekort til redusert pris for medlemmene sine.   Vi ber alle om å nytte dei rabattane dei har. 

 

Ver tidleg ute med billettbestilling!  Også på kvite avgangar, finst eit visst tal med grønne billettar.   Det finst som regel også eit tale med miniprisbillettar.  Desse er som regel enda rimelegare. 

 

Deltakarar frå Nord-Noreg kan få dekka flyreise.  Sovekupé blir dekt etter sats for ny to-sengskupé.   Nødvendig rimeleg overnatting undervegs blir også dekt. 

 

Deltakarar elles kan få dekt flyreise, dersom dette ikkje blir dyrare enn tog/buss/båt. 

 

Reise med eigen bil blir dekka etter kr 1,50 pr km + 50 øre pr. passasjer  

 

Vel møtt på Fefor i november!     

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG  

 

Mai-Evy Bakken /s/                                                Dag Wollebæk 

leiar                                                                       dagleg leiar      

 

PS  Hugs å ta med NF-handboka og Hovudtariffavtalen i staten.

PPS  Hugs badetøy, om du har lyst på ein dukkert   

 

 Påmeldingsfrist 18. oktober 2004  PÅMELDING TIL KURS FOR TILLITSVALTE 2004  Skole:                          _______________________________________   Namn på deltakar:       _______________________________________                                                                                                                           Tillitsverv:                    _______________________________________    

 

                                    Vil også delta på forkurs:     Har deltatt på Samnemnda-kurs tidlegare:

 
 

 
                                   Nei:                        Ja:                                               

 

 
Blir med i buss Vinstra st. – Fefor:                                       

 

                 Skal delta på fellesmøtet mellom distriktsleiarane og styret:       Påmeldinga skal sendast:             Norsk Folkehøgskolelag            Karl Johansgt 12            0154  OSLO   

Telefaks:          23 35 53 80

Kalender