NF-rundskriv 3 – 2004 Nye nordiske støtteordningar

Dei gamle støtteordningane gjennom Nordisk Ministerråd er frå 01.01.04 erstatta av Nordplus-programmene.

Ei av dei største endringane er at dei individulle elevstipenda er borte. Dette var stipend som skulle stimulere ungdom frå heile Norden til å ta eit år på folkehøgskule i eit anna nordisk land. (NB! Elevar i inneverande skuleår, 2003-2004, får dei stipenda dei er lova)

Desse midlane går nå inn i dei nye støtteordningane der m.a. mobilitet vil vere viktig, men nå som ein del av eit prosjekt som inkluderer elev- og lærarutveksling.

 

Det er totalt 5 program innanfor Nordplus-familien.

 

For folkehøgskulen vil det særleg vere Nordplus Vaksen som er interessant. Følgjande prosjekttypar vert støtta:

a) Mobilitet (elev – og lærarutveksling)

b) Tematiske nettverksprosjekt

c) Utviklingsprosjekt

d) Kartlegningsprosjekt

 

Ei positiv endring er at det innafor Nordplus-Vaksen nå er krav om berre to samarbeidsland, tidlegare skulle tre nordiske land vere inkludert.

 

For nokre av skulane våre vil det og vere aktuelt å sjå på programmet Nordplus Nabo. Dette programmet er særleg retta mot samarbeid mellom nordiske skolar/organisasjonar og Nord-Russland og Baltikum.

 

Informasjon om alle programma finn de på www.norden.org

 

I kvart av dei nordiske landa er det ein institusjon som har ansvar for informasjon og rettleiing.

I Norge er det:

Norges Forskningsråd, Internasjonale Stipend (IS)

Postboks 2700,

St.Hanshaugen, NO-0131 Oslo. Tlf. 22037000. www.forskningsradet.no/is/

 

Med helsing

 

Mai-Evy Bakken /s/

leiar i NF og Nordisk Folkehøgskoleråd.

Kalender