NF-rundskriv 4 – 2004 Landsmøtet 2004 – sakspapir og påmelding

Sakspapira Sakspapira går i posten seinast onsdag 3. mars med A-post. Vi vil be lokallagsleiarane setja opp møte i lokallaga i forhold til dette.

Orienteringar om reisedekking m.m. blir sendt som følgjeskriv til sakspapira.

 

Påmelding

For dei som ikkje har meldt seg på: Dette skal skje direkte til Olavskulen folkehøgskule innan 1. mars. Vi viser til den utsendte brosjyren frå Olavskulen. Vi oppfordrar til representasjon frå ulike grupper på skolen. Rektor er også viktig.

 

Saklista

Etter at fristen for å melde saker var gått ut, har styret sett opp denne saklista utanom dei ordinære landsmøtesakene:

 

– Kjerneverdiar i fhs.

– Forhandlingssituasjonen

– Det nordiske samarbeidet

– Informasjonsarbeidet med folkehøgskolefilmen i fokus

– Landsmøte i 2005?

– Folkehøgskolesamling i Hamburg august 2004

NF som organisasjon for alle som arbeider i folkehøgskolen

– Resolusjonar

 

Resolusjonar

Dersom det er framlegg til resolusjonar, ber vi om at desse blir sendt så snart som råd pr. e-post til NF-sekretariatet seinast 25. mars

 

 

Med beste helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Mai-Evy Bakken               Dag Wollebæk

leiar                                 dagleg leiar