NF-rundskriv 6 – 2004 Utlysing av midlar frå Akademifondet

Vi har nettopp mottatt brev om Akademifondet til støtte for norsk kulturreising. NF er ein av tre organisasjonar som står bak fondet. Vedlagt følgjer informasjon og søknadsskjema.

Vi saksar elles frå brevet frå fondet:

 

Minner om søknadsfristen til Akademifondet 31. mars

Har du / de aktuelle prosjekt for Akademifondet 2004? Då er det på tide å starte på prosjektskildring og søknad.

Det er ikkje svært store midlar og rentenedgangen gjer at det i år gjerne samla er i underkant av 50.000 kr å fordele.

Etter som aktiv bruk av E-post har gjort fondet meir kjent har talet søknader auka sterkt dei siste åra. Styret drøfta dette ved handsaminga av søknadane i 2003 og gjorde følgjande samrøystes vedtak:

 

Det er bra at mange har blitt merksame på fondet som ein stad å søkje tilskott til folkeleg kulturarbeid. Men med så stor søknadsmengd har styret funne det naudsynt å setje opp nokre utfyllande prinsipp i høve til vedtektene når det skal prioriterast mellom søkjarane:

 

1. Lokal ideell kulturaktivitet framfor sentrale prosjekt i organisasjonane. Tiltak for barn og særleg ungdom framfor tiltak for vaksne.

 

2. Tiltak i regi av medlemslag i eigarorganisasjonane i fondet (NU, NM og NfL i Telemark framfor andre organisasjonar og einskildpersonar.

 

3. Det ideelle framfor næringstiltak.

 

4. Nye prosjekt / oppstart framfor vanleg drift / aktivitet.

 

5. Fondet gir ikkje tilskott til investeringar i bygg og kontorteknisk utstyr m.m.

 

6. Minstesum for tildeling er som hovudregel kr 5000 og kan normalt ikkje vere meir enn 50% av kostnaden med tiltaket.

 

Desse prinsippa for tildeling er retningsgjevande og kan fråvikast. Styret i fondet kan også endre desse etter som søknadsmengda utviklar seg framover.

 

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Mai-Evy Bakken                Dag Wollebæk

liar                                    dagleg leiar

Kalender