NF-rundskriv 17 – 2005 Tinging av ny songbok

TINGING AV DEN NYE SONGBOKA  Jubileumssongboka vart presentert på 100-årsfeiringa til NF siste veka. Boka vart godt mottatt da, og vi trur ho vil slå an vidare.

Boka er utvida med femti sider. Ein del songar er tatt ut, men enda fleire tatt inn. Det er kome ei rettleiing i bruk av boka, og emneregisteret er utvida til åtte grupper.

 

Trass i dette er prisen den same som for den siste utgåva: kr 340,- (I bokhandelen 430,-)

 

Vi oppmodar som tidlegare alle skolane til å tinge bøker til elevane slik at dei får utdelt boka ved opningssamlinga til hausten, og å kalkulere prisen for boka inn i skolepengane.

 

Og skulle de vera opprådde for idéar til gåver, er boka populær å få.

 

Faks inn setelen for tinging. Skal de vera sikre på å få bøkene til skolestart, bør vi ha bestillinga seinast 4. juli.

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Lars Sigve Meling          Dag Wollebæk

leiar                               dagleg leiar

Kalender