NF-rundskriv 23 – 2005 Utsendelse av diverse matriel

Eit nytt skoleår er i gang, og optimismen rår grunnen i folkehøgskolen. Vi gler oss saman.

Somme har venta på NF-materiell, ikkje minst til bruk for å rekruttere nye medlemmer. Vi skal i løpet av ikkje alt for lang tid kunne sende ut ei ny brosjyre som også inkluderer medlemsfordelane vi har gjennom Utdanningsforbundet – og trykke opp ei ny brosjyre med program og vedtekter.

 

Førebels sender vi eit par av dei gamle brosjyrane og ein kopiutgåve av det nye programmet. Eit medlemsskjema følgjer også, bruk det som kopigrunnlag.

 

Vi har tidlegare på nyåret sendt ut forsikringsbrosjyrar for 2005. Dersom de treng fleire, er det fint å få melding.

Den nye Hovudtariffavtalen følgjer vedlagt. Det er liten skilnad frå den førre, men lønnsauken frå 1. mai er lagt inn. Legg merke til at B-tabellen manglar, men han er den same som før.

 

Med beste helsing

For NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

 

Lars Sigve Meling                   Dag Wollebæk

leiar                                       dagleg leiar

Kalender