NF Rundskriv 24 – 2005 Kurs for tillitsvalgte 2005

KURS FOR TILLITSVALTE 2005  Den årleg Samnemnda-konferansen for tillitsvalte blir som tidlegare på Fefor, i år i tida 1.- 3. november. ./.  Vi viser til den vedlagte invitasjonen med program frå Samnemnda.

Kven kan reise?

Som tidlegare har vi rekna med at kvart lokallag sender ein representant, helst lokallagsleiaren. Invitasjonen går også til distriktsleiarane og vararepresentantane til styret i NF, Skoleleiarutvalet, NF-medlemmer i Folkehøgskolerådet og styringsgruppa i FUS. Desse kan møte i tillegg til lokallagsleiarar. Kan tillitsvalte ikkje møte, ber vi lokallaget velja ein annan representant. Alle skolar bør vera representerte.

 

Forkurs for nye tillitsvalte

Som før blir også nye tillitsvalte invitert til eit eige forkurs som tar til måndag 31. oktober. Sjå invitasjonen frå Samnemnda

 

Distriktsleiarane

Det blir som tidlegare kalla inn til møte mellom styret i NF og distriktsleiarane. Møtet blir måndag 31. oktober kl. 16.00– 18.00 Det meste praktiske for desse vil vera å koma saman med deltakarane på forkurset. Dersom nokon av distriktsleiarane ikkje kan møte, er det viktig at ein annan representant for distriktet møter i staden.

Det blir sendt eiga innkalling til distriktsleiarane med førebels sakliste.

 

Felles skolering med skoleleiarane

Det blir i år også inviterte til felles skolering av tillitsvalte og arbeidsrepresentantar frå skolane. Dette på grunn av den nye tariffsituasjonen vi får frå 1. mai 2006. Temaet blir lokale forhandlingar . Onsdagen er sett av til dette.

 

Påmeldingsfrist:

17. oktober 2005

 

Særmøte for NF

 

Det er også i år sett av til særmøte. Desse sakene blir m.a. behandla tatt opp:

  1. – Den nye given for PU-arbeidet i frilynt folkehøgskole
  2.  

  3. – Det nye programmet for NF
  4.  

  5. – Informasjonsarbeidet etter at det ikkje vart samlokalisering IF/IKF
  6.  

Vi tar svært gjerne i mot framlegg frå lokallaga eller distriktsstyra til tema som bør takast opp på særmøta.

 

Reglar for reisetilskott.

Billegaste reisemåte blir dekka. Dei som reiser med tog, bør skaffe seg NSB kundekort. Det gir 30% rabatt på togreiser. Kortet gjeld eitt år og kan kjøpast på jernbanestasjonar og NSB reisebyrå. Ta med foto. Utgifter til kortet kan førast på reiserekninga. Få med kvittering for kjøpt kundekort. Somme organisasjonar har avtale med NSB om kundekort til redusert pris for medlemmene sine. Vi ber alle om å nytte dei rabattane dei har. Elles kan det først vera lurt å høyre om minipris. Det vil oftare vera billigare

 

Deltakarar frå Nord-Noreg kan få dekka flyreise. Sovekupé blir dekt etter sats for ny to-sengskupé. Nødvendig rimeleg overnatting undervegs blir også dekt.

 

Deltakarar elles kan få dekt flyreise, dersom dette ikkje blir dyrare enn tog/buss/båt.

 

Reise med eigen bil blir dekka etter kr 1,50 pr km + 50 øre pr. passasjer

 

Vel møtt på Fefor i november!

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Lars Sigve Meling /s/      Dag Wollebæk              Knut Simble

leiar

 

PS Hugs å ta med NF-handboka og Hovudtariffavtalen i staten.

PPS Hugs badetøy, om du har lyst på ein dukkert

Kalender