NF-rundskriv 1 – 2007 Innkalling til landsmøte i NF 2007

Det blir med dette kalla inn til landsmøte i Norsk Folkehøgskolelag måndag 26. mars – torsdag 29. mars. Møtet opnar på ettermiddagen måndag og blir avslutta etter frukost torsdag.

Møtet blir halde på Sund Folkehøgskole på Inderøy. Ein faldar frå skolen med opplysningar om møtet og påmelding blir sendt ut om ikkje lenge.

 

Vi oppmoder lokal-, distriktslag, nemnder og utval til å melde saker til møtet før 30. januar.

 

Styret har førebels sett opp desse sakene:

– Etablering av rektorforum 

– Forhandlingssituasjonen

– Det nordiske samarbeidet

– Aktuelle saker frå IF

– Samarbeidsavtale med NKF

 

Sakliste og sakspapir blir sendt ut i februar.

 

Alle medlemmer i NF har rett til å møte med fulle rettar på landsmøtet, men det blir gitt reisedekking til to representantar frå lokallag med meir enn fem medlemmer, til ein representant dersom lokallaget har færre medlemmer. I tillegg blir reisedekking gitt til distriktsleiarar, medlemmer og varamedlemmer til styret og medlemmer av nemnder, råd og utval. Vikarutgifter for desse vil også bli dekt av Folkehøgskolerådet

 

Med helsing

 

Lars Sigve Meling          Knut Simble

leiar                              dagleg leiar

Kalender