NF-rundskriv 4 – 2007 Landsmøtet 2007

Vi viser til tidlegare skriv og til program/invitasjon/påmeldingsskjema som er sendt til lokallaga direkte frå Sund Folkehøgskole.

Påmelding skal skje til skolen. Dei lokallaga som ikkje har sendt påmelding må gjera dette snarast

 

Sakspapir.

Vedlagt sakspapir til landsmøtet:

 

Rekneskap frå 2006 vil blir ettersendt

 

Vi vil be lokallagsleiarane om å gå gjennom heftet og kopiere det saksmateriellet som er nødvendig for ei forsvarleg i behandling i lokallaga.

 

Alle som skal reise på landsmøtet vil få fullstendige sett av sakspapira. Vi sender ut 2 sett sakspapir til kvart lokallag. Vi vil be dei lokallaga som skal ha fleire deltakarar på landsmøtet om å faksa inn den vedlagte slippen så snart som mogeleg.

 

Økonomi – reisedekking.

Opphaldsutgiftene til utsendingane frå lokallaga og distriktsleiarane skal dekkast lokalt/distriktsvis. Det gjeld også vararepresentantar til styret dersom dei ikkje kjem i tillegg til reisedekkingskvoten frå lokallaga.

 

Som vanleg blir utgifter til flyreise berre dekka til/frå Nord-Noreg. Evt. ekstrakostnader til fly må derfor dekkast av lokallaga/distriktslaga.

 

Vi oppmodar dei lokal/distriktslag som det vil vera aktuelt for å reise med fly, til så snart som mogeleg å tinge billettar for å dei som billeg som råd.

 

For mange vil det vera aktuelt å reise med bil. Satsane pr. bil vil vera:

1 person.: kr 1,- pr km NF-rskr 4/07 2

2 personar.: » 2,- »

3 personar.: » 2,50 »

Deretter 50 øre pr. pers.

 

Togreisande: Hugs å skaffe kundekort hos NSB! På alle avgangar vil det vera eit visst setetall som er set av til minipris. Dette vil ofte vera billegare enn kundekortpris. Miniprisbillettar kan du berre få på www.nsb.no.

 

Distriktslaga/naboskolane blir bedt om å samordne køyring.

 

NB! Reisedekkinga blir ettersendt frå sekretariatet til aktuell konto. Reiserekningane skal fyllast ut på landsmøtet. Hugs å få med deg det aktuelle kontonummeret dersom andre har lagt ut for deg.

 

Vi gjer merksam på at reisetilskott blir gitt til:

???? 1 representant frå lokallag med opptil 4 medlemmer

 

???? 2 representantar frå lokallag med 5 eller fleire medlemmer

 

???? distriktsleiarar

 

???? redaktør

 

???? valnemnda

 

???? medlemmer Folkehøgskolerådet

 

???? styret og vararepr. til styret.

 

???? andre med spesielle oppgaver etter avtale

 

Vi oppmoder som vanleg til god og brei oppslutning frå alle medlemsgrupper: lærarar, IKV-medlemmer og skoleleiarar.

 

Vel møtt til fine opplevingar på Inderøy!

 

Med helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

 

Lars Sigve Meling        Knut Simble

leiar                            dagleg leiar

 

 

 

ETTERTINGING AV SAKSPAPIR – LANDSMØTET 2007

 

 

Vi blir __ deltakarar på landsmøtet og treng __ nye sett sakspapir

 

Med helsing

 

lokallaget på __________________ Folkehøgskole

 

 

 

_________________

lokallagsleiar

Kalender