FHF-rundskriv 1/2021: Utlysning av midler fra Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet

Det lysast ut NOK 100.000,- frå Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet.

FHF-rundskriv 1/2021

Utlysning av midler fra Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet

Vedlagt følger utlysing av midler fra Solidaritetsfondet – til orientering og kunngjøring, evt. ved oppslag. Styret har gitt utfyllende prioriteringer knyttet til årets utlysning (j.fr. pkt. 6 i vedtektene for fondet), og disse er som følger:

Søknader som knytter sine prosjekter opp mot bærekraft vil bli prioritert i tildeling av midler fra Solidaritetsfondet.

Det vil i år deles ut inntil NOK 100.000 fra fondet totalt.

Søknadsfrist 29. januar 2021.

Med beste hilsen
Live Hokstad                   Angelina K. Christiansen
leder                                  generalsekretær

Utlysing av midlar frå Solidaritetsfondet

Med dette lysast det ut NOK 100.000,- frå Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet.

Vedtekter for Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet

(Pr 3.6.2015)

1. Solidaritetsfondet til Folkehøgskoleforbundet er bygd opp av midlar frå eit ekstra påslag på medlemskontingenten med 0,05% etter eit landsmøtevedtak i 1999.

2. Midlane frå fondet skal nyttast til å støtte internasjonale solidaritetstiltak.

3. Prosjekt der folkehøgskolar er, eller vil bli direkte engasjert, skal prioriterast. Ved vurderinga bør det også leggjast vekt på om prosjektet omfattar engasjement frå fleire skolar.

4. Styret i Folkehøgskoleforbundet er styre for fondet.

5. Søknad om midlar skal innehalde
– Presentasjon av prosjektet
– Opplysningar om korleis midlane er tenkte brukt
– Opplysning om kven som er ansvarleg for at midlane blir nytta etter føresetnadene

6. Styret kan gi utfyllande prioriteringar av midlar frå fondet.

7. Etter at midlane er nytta skal rapport og dokumentasjon om bruken, og
med underteikning av rektor, sendast Folkehøgskoleforbundet innan mars
påfølgande år. Ved manglande eller mangelfull rapportering kan midlane
krevjast betalt tilbake til fondet.

8. Landsmøtet i Folkehøgskoleforbundet kan endre desse vedtektene.

Søknadsfrist: Kunngjerast i rundskriv frå Folkehøgskoleforbundet kvart år.

Søknad for solidaritetsmidlar 2021 må sendast til Folkehøgskoleforbundet ved: angelina@folkehogskole.no innan 29. januar 2021.

Kunngjering av tildeling vil skje medio februar 2021.

Kalender