Samira fekk frespris frå elevane ved Bømlo folkehøgskule

Samira Srur Allison fekk fredspris frå elevane ved Bømlo folkehøgskule for sitt fredskapande arbeid som rektor ved folkehøgskulen «The new Abrahamcenter for languages».

Den beskjedne pedagogen og fredsskaparen kom til Bomlo sist sundag og budde på internatet ved Bømlo Folkehøgskule fram til torsdag, for å kunne ta imot prisen og halda foredrag om situasjon mellom Palestina og Israel. Med seg på turen hadde ho Mohsen Ghazali, koordinasjonsleiar for FNs utviklingsprogram i Gaza.

I den innleiande talen av elev Pernil le Antonsen Guttormsgaard, kunne ho mellom anna fortelja – Etter at me elevane vart einige om at ekstremisme er vårt tema for fredsfestivalen, kom me over ei unik historie om ein folkehøgskule lokalisert i Gaza, og ei dame med namn Samira Srur Allison som har drive denne skulen gjennom tjue år.

Samira er ei dame som lærer palestinarane hebraisk og israelarane arabisk. Eg var sjølv på vestbreidda med psykologiklassen før jul. Menneske som Samira skaper fred. Arbeidet ho driv med er svært viktig, fortalde Pernille Antonsen Guttormsgård.

Ho fortalde vidare at skulen Samira Srur Allison driv, fokuserer hovudsakleg på at palestinarar og israelarar skal læra kvarandre sitt språk og i tillegg omgås kvarandre ved hjelp av sosiale aktivitetar.

– Samira legg stor vekt på at ho er politisk nøytral og berre vil at folk skal snakka saman. Det er viktig for henne at denne skulen ikkje blir brukt som eit politisk middel frå nokon si side, fortalde Antonsen Guttormsgaard.

Samira fekk eit diplom, ein blyantteikning fint innramma og 15.000 kroner som elevane hadde samla inn til støtte for Samira sitt arbeid ved folkehøgskulen i Ghaza. Skulen heiter «The new Arahamcenter for languages».

5.000 elevar har vore innom folkehøgskulen hennar på Ghaza, seier Maren Langvik Eilertsen, elev ved linje for Afrika, fred og solidaritet. Ho er ein av leiarane i årets fredsfestivalkomite ved Bømlo Folkehøgskule.

 

(Kelde: Bømlo-Nytt) 
Kalender