NF-rundskriv 22 – 2004 Tilråding – lønn for internatleiar, kontortilsette og vaktmester -korrigering

Vi viser til rundskriv 21/04. Det viser seg at det for somme stillingar ikkje samsvar mellom opplysningane vedr. lønnsspenn i dette skrivet og det som er sendt ut i den nye hovudtariffavtalen.   Vi brukte opplysningar som var lagt ut på nettet etter dei sentrale justeringane, men dei var ikkje ajourførte.

Somme lønnsspenn vart heva meir enn vi opplyste.  Det får likevel ingen konsekvensar for dei lønnshevingane som vart meldt når det galdt dei sentrale justeringane.  Dei stillingane der det var opplyst om, skal ha eitt lønnstrinn pr. 1. juni før dei lokale forhandlingane.  Men somme som er plassert heilt i botn av spennet, kan ha krav på eitt ekstra trinn da botn er heva,  og dei som er plassert i topp av spennet kan i lokale forhandlingar ha rom for høgare plassering. Vedlagt følgjer tilrådingane for desse tre stillingane.  Avvik frå siste rundskriv er med feit skrift. Det er avvik for to internatleiarkodar og ein vaktmeisterkode, ingen kontorkode.   

Med beste helsing

for NORSK FOLKEHØGSKOLELAG

   

Dag Wollebæk

dagleg leiar

Kalender