NF-rundskriv 2/11: Innkalling til landsmøte i Norsk Folkehøgskolelag 2011

Det blir med dette kalla inn til landsmøte i Norsk Folkehøgskolelag måndag 11. april – torsdag 14. april.  Møtet opnar på ettermiddagen måndag og blir avslutta etter frukost torsdag.

Møtet blir halde på Ringebu Folkehøgskule på Ringebu.   Ein faldar frå skolen med opplysningar om møtet og påmelding blir sendt ut om ikkje lenge.

 

Vi oppmoder lokal-, distriktslag, nemnder og utval til å melde saker til møtet før 4. februar.

 

Sakliste og sakspapir blir sendt ut i begynninga av mars. 

 

Alle medlemmer i NF har rett til å møte med fulle rettar på landsmøtet, men det blir gitt reisedekking til to representantar frå lokallag med meir enn fem medlemmer, til ein representant dersom lokallaget har færre medlemmer.  I tillegg blir reisedekking gitt til distriktsleiarar, medlemmer og varamedlemmer til styret og medlemmer av nemnder, råd og utval.

Vikarutgifter for desse vil også bli dekt av Folkehøgskolerådet

 

Med helsing

 

 

Lars Sigve Meling /s/                                                                       Knut Simble /s/

leiar                                                                                                   dagleg leiar