Kva no – Einar Opsvik?

Det er nynorske festspel på Aasentunet i Ørsta – omgitt av fantastisk Sverre Fehn-arkitektur. Det er ein passande stad for eit intervju med nynorsk-mannen Einar Opsvik (65). Vi riggar oss til med kaffi og kake i kafeen. Etter fire år som leiar i Folkehøgskoleforbundet går han no av med pensjon. All reisinga har vore ei belastning over tid, og det har blitt for lite tid på heimebane. No ventar nye gjeremål.

– Kva ser du for deg i di nye fase som pensjonist?

– Eg føler meg eigentleg som musikar, men all jobbinga og reisinga som leiar har tatt knekken på musikkarriera, det skal eg ta opp igjen no – det gir meining til livet.

– Kva vil du sakne?

– Det blir kontakten med alle folka. Eg har opplevd og møtt så mange dedikerte og fine kollegaer, då blir eg også veldig engasjert.

Einar er ikkje berre en veldig lesande og skrivande person, han er også praktikar. Det har blitt mange finurlege snekkerier og løysningar i huset hans i Ørsta. Nå bygg han et stort orangeri, og er i ferd med å lese seg opp på dyrking i drivhus.

Skrivinga har han ikkje tenkt å legge på hylla. – Eg kan bli en plage for den nye redaktøren – eg har lyst til å bidra, mellom anna med ideologiske innspel. Det ligg stor tyngde i våre røter som skuleslag. Det var verkeleg ei sprengkraft på 1800-tallet, og eg trur det kan bli det igjen. Folkehøgskule er meir enn reising og gøy – ei slik førestilling kan fort bli sittande blant folk. Vi driv med noko viktig og seriøst, men det treng ikkje være noko motsetning her.

Musikken skal få meir plass for Einar framover. Han spelar obo i et symfoniorkester og er støtte­spelar i et ungdoms-symfoniorkester. Han spelar også saxofon og piano – nå ønsker han seg eit storband å få utfolde seg i. Det er jazzen som står han nærast – og det spelast konstant i bil og heime – men også klassisk og litt funky soul. No skal han tilbake til normal praksis og øve kvar dag – ei morgonøkt.

   – Kva er du mest fornøgd med å ha fått til som leiar?

– Eg var ein pådrivar for å få inn folkelig opplysning i staden for folkeopplysning, i verdigrunnlaget i den nye lova. Det har stor betydning – om vi forstår djupna i det. Arbeidet med samanslåing av organisasjonane har vore en tyngre prosess. Eg er skuffa over at vi ikkje har kome lenger. En del av spenninga mellom frilynt og kristen folkehøgskule er vanskeleg å finne ut av. Det krev samtalar på fleire nivå – dessutan innsikt og kunnskap. Vi må frå frilynt side også forstå og respektere det dei kristne eig og står for.

Einar har arbeida målbevisst for ei reorganisering av seniorlaget før han slutta. – Eg har et engasjement for dette, og få liv i det. Det må skapast saman av seniorar som vil engasjere seg. Eg trur vi kan bidra til å skape retning for Folkehøgskoleforbundet.

Og frå Ivar Aasen gir Einar oss eit av hans ordtak med på vegen – «Han er blind som er boklaus». For Einar har det blitt mykje sakprosa-lesing som leiar, nå tørstar han etter å lese meir skjønnlitteratur.

Vi takkar for innsatsen og ynsker alt godt for vandringa vidare!

Tekst og foto: Øyvind Krabberød