Krig er forakt for liv

Verda rustar opp. Militære budsjett veks. Våpenindustrien går for full maskin. Det er som om vi har gløymt kva historia lærte oss: Krig øydelegg liv, samfunn og natur – og gjer verda farlegare for alle.

Olof Palme åtvara mot denne kursen. Han visste at fred blir bygd med nedrusting, ikkje med fleire våpen. Likevel er det nettopp våpen vi satsar på.

Krig er ikkje berre eit brotsverk mot menneske. Den er også ein klimakatastrofe. Utsleppa frå militær aktivitet er enorme, men halde unna FN sitt klimarekneskap. Vi tel kvar plastpose, men teier om miljøøydeleggingane til krigen.

Vi har ikkje eit fredsdepartement, ingen fredsminister, intet fredsbudsjett. Ungdom lærer knapt at militærnekting finst. Ordet er i ferd vid å forsvinne frå språket. Dermed forsvinn også førestillinga om at ein kan seia nei.

Historia gir oss betre førebilete. Fridtjof Nansen redda millionar frå svolt og nød og var på mange måtar verdas samvit. Han sette menneskeverdet over nasjonal maktpolitikk. I 1922 fekk han Nobels fredspris for den store innsatsen sin for flyktningane etter første verdskrigen. Kvar er vår tids Nansen?

Det skumle er tilvenninga. Når opprusting blir normal, når fredsrørsla teier, sluttar vi å reagere. Vi blir passive tilskodarar til ei farleg utvikling.

Men håpet finst – om vi vel å ta det tilbake. Vi kan krevje at freden får sin eigen plass i politikken. Vi kan læra barn og ungdom at det finst eit nei til våpen. Vi kan stå opp mot ideen om at tryggleik berre blir skapt med militærmakt.

Vi må minne verda om noko ho held på å gløyme: Fred er ikkje naivt. Det er nødvendig. Krig er ikkje uunngåeleg. Det er eit val. Og no er tida inne til å velja livet. Og til slutt ein metafor frå bibelen henta frå Jesaia 2:4 – der blir ein visjon beskriven om fred der nasjonar sluttar å føra krig og i staden bruker våpena sine til å skapa mat og liv: «Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje løfta sverd mot folk, og ikkje lenger lære seg å føra krig.» Dette verset er ein svært aktuell profeti i dag om ei tid med fred, der våpen blir omgjort til reiskapar for fredeleg arbeid.

Lukke til med det arbeidet også i folkehøgskolen!

Øyvind Krabberød