Vonheimstemnet 2025
desse 21 betalande. Det vart servert kyrkjekaffe etter gudsteneste i Follebu kyrkje. Til
kaffen var det kaker frå Ukraina og Noreg, og dessutan spennande te frå Somalia.
Arne Martin Jacobsen Mannstad ønskte velkommen. Tema for årets stemne var
innvandrings og utvandringshistorier, sett i lys av årets markering av at det er 200 år sidan
dei første nordmennene drog til Amerika. Dei som er utvandrarar frå éin stad, er
innvandrarar til ein annan stad.
Dagens engasjerande foredragshaldar var Brynjulf Handgaard, mest kjent frå NRK. Han
har redigert boka «Å krysse grenser – Flyktninger forteller», som er gitt ut av Lillehammer
Museums Venner. Boka er gitt ut med statleg støtte som eit ledd i integreringsarbeidet. 37
flyktningar busette i Lillehammerområdet har fortalt historia si. Vi høyrer litt om kva dei
drog frå, og grunnen til at dei drog. Andre fortel om sjølve flukta og om utfordringar dei
møter i Noreg. Handgaards kone Anne-Britt Sandvik las tekstane frå boka.
Nisveta Tiro var ikkje til stades, men fortel i boka om Bosniakrigen, om korleis alt snudde
og der venner vart til fiendar pga ulik etnisitet. Ho fortel om korleis ho og faren fann broren
drepen av det militære, der hovudmannen var ein tidlegare klassekamerat av Nisveta. Ho
jobbar i dag i administrasjonen i Gausdal kommune, har stort samfunnsengasjement, og
sit i kommunestyret i heimbygda Øyer.
Nihad Mustafa var til stades på Vonheimstemnet. Han er kurdar frå Syria. Livet vart etter
kvart så vanskeleg etter at IS okkuperte heimbyen, at Nihad i 2014 bestemde seg for å
flykta. Flukta var dramatisk, via Tyrkia til Tunis og Libya. Derfrå med ein overfylt båt over
Middelhavet. På overfarten heldt Nihad på å mista medvitet av oksygenmangel. Ei
afrikansk kvinne kasta vatn på han og redda truleg livet hans. Ein norsk båt dukka opp og
tok dei til land på Sicilia. Derfrå drog Nihad til Noreg. I 2016 fekk han kona og sonen hit.
Nihad er utdanna møbelsnikkar, og fekk jobb ved Nordby Snekkerverksted i Øyer.
Brynjulf Handgaard trekte parallellar til nordmenns utvandrarhistorie. Dei første som drog
var kvekarar som flykta pga religiøs forfølging. Seinare drog folk pga fattigdom,
undertrykking, men sjølvsagt også eventyrlyst. Nesten 1 million nordmenn har utvandra til
USA.
Han fortalde om livet til Randi Holtseteren. Historia er godt dokumentert fordi breva ho
skreiv til broren i Gausdal er gitt ut i bokform. Mathias Kankrud ville gifta seg med Randi,
men foreldra sa nei. Mathias hadde gått på Vonheim hos Christopher Bruun og vart rekna
som altfor liberal. Han drog til USA i 1880 og kom tilbake etter åtte år. Han hadde då
eigen gard, og fekk omsider gifta seg med Randi og dei drog tilbake til USA.
Simen Fonstad reiste frå Follebu i 1873 og busette seg i Wisconsin. Det blir sagt at han
ikkje fekk den jenta han ville ha, og at han ikkje såg seg tilbake den dagen han drog. Han
skreiv diktet «Farvel til Follebu» som Finn Lund har sett melodi til. På stemnet framførte
Ola Grimstad songen, akkompagnert av Lund på trekkspel.
Etter foredraget underheldt Lillehammer Spel og Dansarlag med dans ute på vollen, med
felles ringdans til slutt.
Den ukrainske kunstnaren Volodymyr Lutsenko stilte ut måleria sine på Vonheim under
stemnet. Nokre av motiva var figurative og frå nærområdet, andre meir abstrakte.
Så var det tid for internasjonal meny. Det vart servert somaliske samosa, thailandske
retter, ukrainske pirogar og smørbrød, amerikanske Buffalo kyllingvinger, gresk salat og
norsk spekemat. Olena, Maria, Martha, Ljudmila, Krisana, Hawa, Anne Synnøve, Ingunn
og Eva bidrog med mat. Åresalg gav eit overskot på kr 3000.
Vonheims venner