Å leva i eigne val

mandag 11. oktober 2010

 


Kvar dag kan eg velja. Er det heilt sant, eller er det verda og omgjevnadene som djupast sett styrer mitt liv?

Det er lett å tenkja at ein helst får gjera det beste ut av dagane; hengja med, holda ut, ta ein og annan pause, sjå framover, venta på betre tider, venta på det som ein gong skal skje.

   Det gjer godt å ha tatt eit nytt grep, tatt eit heilt nytt grep. Etter mange år innafor system der eg (som svært mange andre innafor same system) oftast brukte kreftene på å vera misnøgd, har eg fått lov å ta skrittet, gå til sides, gå ut. Folkehøgskulen var ein god plass, med mange utfordrande menneskemøte og tankar. Men ikkje utan dilemma. Åra etter, ti år i det som fra folkehøgskolen blei kalla «den sorte skole», var meir prega av meir misnøye – til eg endeleg fekk sleppa tak. Fekk sleppa? Kven holdt meg der? Den faste jobben, den trygge lønna, forsørgjarrolla – vissa om at eg gjorde noko nyttig i samfunnet?

Det beste med å fristilla seg, var den frie pusten. Sjølv eit halvår før lærartida var heilt over, var det dette: lette skuldre, tanken på å stå fritt, kunna seia det eg meiner, utan å ta hensyn. Kunna skriva det eg vil, utan rollekonflikt. Ikkje det at eg har brukt uttrykksfridomen så mykje offentleg endå – men eg KAN. Og eg kan det , på ein annan måte. Som ein frittståande person. Som ei fri sjel.

Endå er det nytt, men eg lever i nytida, og nyt å høyra til, som ein svevande planet. Ikkje utan ansvar, ikkje utan krav. Likevel – som meg. Det stiller større krav. For eg har noko på hjartet. Og det kjem, når tida er inne.