Kvar kjem læringa frå?

Mai-Evy Bakken, rektor på Sogndal folkehøgskule,
 kommenterer lærerundersøkelsen.

Ingen som var tilstades på Folkhøgskolekonferansen vart særleg overraska over resultatata som vart lagde fram.
Personleg utvikling, sosialt engasjement og demokratisk deltaking…det er kortversjonen av kva som er det viktigaste læringsutbytet av eit folkehøgskuleår. Eg er tilfreds med det,-eg tykkjer beint fram det er ein innertiar i høve til kva vi seier at vi vil, dei fleste av oss! Dette er sannsynlegvis óg eit læringsresultat som dei fleste politikarar vil kunne bevilge pengar til, sett i forhold til lova si målsetting.
Vitenskapelege innvendingar har andre peika på så dei let eg liggje.

Eitt av spørsmåla eg sat eg att med var,- korleis og kvifor oppstår denne læringa?

Alle tilsette på Sogndal Folkehøgskule må óg vite om dette, tenkjer eg. Vi bør snarast bli nysgjerrige og ta til med forsiktig ”forskning” i eigen kvardag. Stemmer dette med vår verkelegheit? Lærer elevane våre det denne undersøkjinga seier? Og i tilfelle,- er det berre ei tilfeldigheit, den såkalla ”det ligg i veggane-filosofien”, eller skuldast det bevisste val og haldningar? Har det t.d. samanheng med verdigrunnlag på eigen skule, med korleis vi innrettar kvardagen og samlivet og korleis vi omgås som medarbeidarar og kollegaer?

Eit innlegg under konferansen i Oslo 4. nov. kom litt i skuggen,- ”Den menneskelige faktor. Hva vet vi om folkehøgskolelærerne?”, basert på ei lærarundersøkjing. Den er for øvrig referert i siste nummer av Folkehøgskolen.

Dei ansvarlege for lærarundersøkjinga omtalar folkehøgskulen som ”annerledesskoler”, som eit frirom når det gjeld resultatmåling- og kontroll. Sett i forhold til sentrale begrep frå nyare utdanningsdiskurs; – tydeleg leiing, læringsutbyte, læringstrykk, gjennomstrømming osb., ser det ut til at folkehøgskulen lever ”eit stille liv”(sitat).
Dei omtalar læraren i folkehøgskulen som særs autonom, ein som opererar med frie rammer og som i stor grad sjølv kan definere innhaldet i eige undervisningopplegg, riktignok innafor eit fagtilbod og verdigrunnlag vedteke av eit styre. Det vert óg understreka at ein stor del av stillinga er knytta til sosiale oppgåver i internat, matsal, turar og fritid.
Dei oppfattar ut frå svara at verdiane som den enkelte skule byggjer på blir viktige og forskarane omtalar identifisering med desse som ”korpsånd”. Kva faktorar er det da som påverker korpsånda positivt og/eller negativt?
Kortversjonen av resultata er at lærarar i folkehøgskulen synes å vere meir opptekne av dei sosiale byteforholda i arbeidsfelleskapet enn dei økonomiske, og at mindre tydeleg leiing, tillit i rektor-lærar-kollegierelasjonen vil verke positivt inn på forpliktelse til jobben og den innsatsen han/ho yter for å vere med å skape ein god skule.

Som rektor kjenner eg frå tid til anna ei aukande uro for kva som skjer med og rundt læraren og læraren sin arbeidsdag og det avtaleverket som jamnleg er forhandlingstema. Eg vil setje dette i perspektiv med følgjande provoserande utsagn, bygd på eiga erfaring:

”Så godt å vere lærar i folkehøgskulen før arbeidstidsavtala si tid! Det var ei friheit og eit ansvar som nesten tok pusten frå ein til tider. Ingen rektor sette stoppeklokke på meg,- og eg hadde inga sjølv, heller! Arbeid og fritid,- det løyste seg. Løna var, i tillegg til kroner, tette og utviklande samarbeidsrelasjonar med elevar og kollegaer. Ein vart oppslukt, tankane vart utfordra kreativt i folkehøgskulekvardagen.”

Nå er eg stort sett nøgd med, og glad for den arbeidstidsavtala vi har, – vi rettar oss etter den og det går bra i hop utan for mykje telling og detaljstyring. Vi lever travle folkehøgskuledagar og streber etter å skape den gode skulen som elevane våre har krav på og som bør gi personleg utvikling, sosialt engasjement og demokratisk deltaking som resultat.

Lærarundersøkjinga ga meg likevel litt å tenkje over!
Kan det vere at det dokumenterte læringsutbyttet hos elevane faktisk heng saman med at vi i folkehøgskolen framleis har ordningar som gir lærarane tid til å være lærarar?
Kan det vere at vi i folkehøgskulen, til tross for alle evaluerings- dokumentasjons-og arbeidstidskrav frå ”systemet” har greidd å halde på eit arbeidsfelleskap der ”passe dose styring”, kombinert med tillit til, og friheit for læraren skapar det engasjement og den lystbetonte innsatsen som er avgjerande for å realisere skulen sitt verdigrunnlag ?
Kan det vere at folkehøgskulen sine kjerneverdiar har så stor gjennomslagskraft at (sitat frå lærarundersøkjinga) ”…folkehøgskolenes særtrekk framstår (….) som en motstrøm til hovudtendenser i utdanningssystemet.”
Om dette er ein del av svaret på spørsmålet mitt innleiingsvis, må vi tenkje oss nøye om! Da sit folkehøgskulen på eit fortrinn som er gull verd og som gjer at engasjerte, dedikerte lærarar, nysgjerrige, reflekterande og skapande lærarar vil strøyme til skuleslaget vårt. Vi må sørge for å gje dei spelerom slik at deira kunnskap og engasjement kan smitte over på elevar og kollegaer.

…Mai-Evy Bakken