Ulykkelege materialistar

Kaj Skagen (61) er bosatt i Bergen

I lørdagens utgave av Klassekampen fant jeg et et tre siders langt intervju med forfatteren Kaj Skagen – og hvilket intervju! Hans refleksjoner rundt Dag Solstad og kunstneres husløse og kanskje hudløse tilstand får dere hermed del i. Det er Ronny Spaans som intervjuer «den evige dissidenten» i Portrettet.

– Solstad var for meg heilt klart og tydeleg ein sekularisert kristen mystikar. Det går fram av alle romanane hans. Dette skreiv eg så tidleg som i 1979.

Solstad høyrer ikkje til dei glade og tilfredse materialistar, men dei ulykkelege materialistar, slike som er metafysikarar utan Gud, seier Skagen. Dei godtek den vitskapleg-rasjonelle forklåringa av verda, men kan samtidig ikkje leva med henne.

– Det er desse menneska som Georg Lukacs kallar ”transcendental husløyse”. Dei har forkasta kristendomen, og kan ikkje anna enn å godta det vitskaplege verdsbiletet og lite på fornufta, men er sjølv ikkje nøgde med dette.

Skagen avviser ikkje denne posisjonen, men meiner den er eit framifrå utgangspunkt, for ein kunstnar. Denne husløysa er meir interessant enn dei som har eit hus dei vil misjonere andre inn i, seier han.

– Transcendentale hushaiar vil vi ikkje ha! Glade radikalarar har ikkje meir å by på enn lykkelege kapitalistar. Men transcendendtale husløyse er kunstnarleg og idemessig potent. Det er der det skjer noko.

Kaj Skagen til Klassekampen

Av Øyvind Krabberød