Ny rektor til Setesdal

Det er
tilsett ny rektor på Setesdal folkehøgskule i Valle. Stig W. Ågedal-Mortensen
tar til 1. august, og 
kjem til
motorsportskulen med svært breid bakgrunn frå arbeid med idrett og ungdom. 
Han
er utdanna ergoterapeut og pedagog, og har vore både aktiv og trenar innan
turn. Ågedal-Mor tensen er tidlegare dagleg leiar i Oslo Turnforening, og han har
vore fysisk trenar for både regionale og nasjonale utøvarar, endåtil olympiske
medaljørar har hatt denne karen som trenar. 
Olympiatoppen 
Han har også vore
konsulent ved Olympiatoppen, og basiskoordinator for Kompetansesenteret for idrett
i Agder. Dei siste åra har Stig W. Ågedal-Mortensen vore fysisk trenar mellom
anna for eliteserielaget ØIF Arendal og Vipers. I dag er han landslagssjef for trial
herrer, og han underviser i idrett ved universitetet i Agder.
Klippet fra avisa Setesdølen