Torunn Laurhammer slutter på Stord

Den siste tida har det vore mange kjensler på ein gong for Torunn Laurhammer, sidan det blei klart at ho fekk jobben som kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune frå 1. august.

Laurhammer har jobba som rektor ved Stord Folkehøgskule sidan 2021 og har variert erfaring som leiar i ulike stillingar. Ho ser fram til å jobba med fagfeltet og ser det som ei utfordring å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen.

– For meg, er dette ei tillitserklæring. Eg veit at det var mange sterke kandidatar til denne jobben, og det at dei meiner eg er den rette for denne jobben, gjer meg både glad og stolt.

– Det kjem til å bli vemodig å forlata arbeidsplassen som eg har blitt så glad i, seier avtroppande rektor ved Stord Folkehøgskule, Torunn Laurhammer.

Klippet fra Bømlo-nytt