Folkehøgskulestemmer for berekraftig utvikling?

Er du
mellom 18-35 år, likar foto, musikk og/eller video, og bryr deg om
klimaendringane me ser i verda i dag? Då er konkurransen Voices 4 Climate noko
for deg!
Kampanjen
og samarbeidet Climate
4 Change
(C4C) utfordrar unge i alderen 18-35 år til å la deira stemmer bli
høyrde. C4C ønskjer å skape ein global dialog om klimaendringane og vil ha deg
med på laget! Dette er ein god sjanse for folkehøgskular som ønskjer å setje
fokus på klimaendringane og berekraftig utvikling ved bruk av kreative metodar.
Kanskje ein også kan ha ein intern konkurranse på folkehøgskulen eller mellom
folkehøgskular?

Kampanjen
starta i Afrika der afrikanske ungdommar vart utfordra til å lage videoar med
eit klimabodskap. Det kom til saman inn over 700 bidrag frå alle land i Afrika,
og fleire av desse vart vist på klimakonferansen i Durban, Sør-Afrika, i fjor
haust. Sidan responsen var så bra har C4C opna for at unge i heile verda kan delta.
Vinnarane sine filmar vil bli vist på FN sin verdskonferanse om klimaendringar
(COP18) i Qatar i desember 2012. Og ikkje nok med det: musikkvideovinnaren vil
bli invitert til å vere saman med MTV redaktørar i New York eller London for
ein dag, og får vist musikkvideoen sin på MTV
Voices
!
C4C vil
høyre om korleis klimaendringane påverkar deg og din kvardag, og du kan velje
mellom åtte kategoriar: 1) jordbruk, 2) byar, 3) energi, 4) skog, 5)kjønn, 6)
helse, 7) jobb og grøn økonomi, og 8) vatn. Så då er det berre å velje enten foto, video eller musikkvideo, invitere ein ven eller to med på laget og setje
i gang! Ver snar for fristen er allereie 15. oktober. Meld deg på her.
Under kan
du sjå ein av fjorårets video vinnarar frå Kenya «Me and My Bike»: