Jærenrektor; legg ned UDI

Jæren folkehøgskule har ein einaste elev frå utlandet dette året, ein frå Canada. Eller det vil seie han er ein elev som ikkje får koma til Noreg. Utan nokon som helst annan grunn enn at UDI (Utlendingsdirektoratet) ikkje gjer jobben sin.
Deira svært enkle jobb er å løfta eit stempel som seier OK.

Rektor Dag Folkvord ved Jæren folkehøgskole, i Stavanger Aftenblad
Kva galt har ein kanadisk ungdom gjort? Ingen ting så vidt UDI kan melde. Dei har ikkje eit einaste svar å gje, ikkje ein einaste forklaring. Anna enn at dei ikkje gjer jobben sin. Han fekk skuleplass i mai. Enda er det ikkje eit einaste fornuftig svar å få frå direktoratet.

Kan det tenkast at ein olje-arbeidar får same behandling? Får politikarar same ventetid?

Denne guten, og skulen, har nå brukt svært mykje tid og pengar på telefonventing hos UDI.

Det du oppnår er å sitje ein og ein halv time i telefonkø og så møta ein telefonvakt som ikkje kan svara på noe og som tydelegvis heller ikkje kan gjere noen ting.

Kva skal me med slike organ? Poenget med UDI er vel at dei skal skilja klint frå kveite og så sleppa inn dei som har papira i orden. Men den mest glasklare saka brukar dei altså månadsvis på. Treng me som nasjon eit så tungrodd system?

Resultatet blir nå sannsynlegvis at han gjer opp. Det tek for lang tid. Han mister for mykje av skuleåret. Skulen lir ingen naud men guten mister ei oppleving som for han ville vore viktig.

Og i Canada vil nå ein del menneske, av norsk avstaming, vite at det er vanskelegare å besøka Noreg enn Nord-Korea. Våre folkevalte har som Pilatus vaska hendene. Treng me så tannlause politikarar?