Folkehøgskolen,- prisen verdt!


Mai-Evy Bakken´s svar til student Daniel Nygård sin kronikk i BT
fredag 9.februar.
Mai-Evy Bakken, rektor
Sogndal folkehøgskule

Folkehøgskolen
får så øra flagrar i ein artikkel av student Daniel Nygård i Bergens Tidende fredag 9.
februar. At slike haldningar finst, overraskar ikkje. Bra at det kjem fram.  Dei kan berre ikkje få stå uimotsagt. Som om
dette skulle vere eit greit utgangspunkt  for synet på menneske, kunnskap, danning og utdanning
i det norske samfunnet  i 2013?

   Eg
er glad for å leve i eit samfunn som framleis veit å verdsette menneskje i seg
sjølv og ikkje berre som ei nødvendig brikke i produksjonskjeda. 
Nygård
kan tolkast som om dette er heile målet for, og svaret på det menneskjelege
tilveret her på jorda. Det er eit  menneskjesyn som er svært problematisk å
slutte seg til, kanskje óg for fleire enn dei av oss som måtte meine at folkehøgskolen
er viktig.

   Historisk
har folkehøgskulen vore eit korrektiv og eit uroelement innafor skulesektoren.
Danningsideala har vore, og er, drivkrafta i skoleslaget sitt arbeid og det er
ikkje anna å venta enn at det kan vekkje til irritasjon hos ein del
instrumentalistar. Den kampen har vi stått i før!

   Debattane
om menneskjeverd, skole og danning/utdanning har vore eit stadig
tilbakevendande fenomen gjennom mine over 30 år i folkehøgskolen.  
Det heile menneske

Fleire
norske  universitet og høgskoler  sette i 2007 ned sitt eige «Dannelsesutvalg».
Eg vel å sjå på dette som ei bekymringsmelding over dei faktiske tilhøva
innafor universitets-og høgskolesektoren.
Rapporten,
Kunnskap og dannelse foran et nytt århundre, kom i 2009 og er interessant lesing. Også for
oss som jobber i folkehøgskolen.  Den gir
viktige innspel til dei samtalane folkehøgskolen stadig vil og må føre om det
som er vår primæroppgåve,-  å vere ein danningsskule
der det å ha det heile menneske i fokus utgjer den daglege oppgåva og
utfordringa.
   Utvalet
sitt utgangspunkt er det dei oppfattar som eit svekka danningsperspektiv i høgre
utdanning  til fordel for eit(sitat):  
           «..sterkere fokus på spesifikt og
teknisk innhold» og ein tilsvarande «..reduksjon
            eller eliminasjon av
undervisningselementer og/eller studieopplegg som har hatt                                   
            som
formål å stimulere til studentenes dannelse og allmenndanning.» 
   Utvalet
vurderar danningsdimensjonen som ein viktig faktor i høve til den rolla som
kvar og ein av oss skal spele inn mot eit framtidig samfunns-og arbeidsliv. Det
er eit ganske annleis syn på kva som er nødvendig kompetanse  enn det Nygård forfektar.
I Kunnskap
og dannelse foran et nytt århundre
, innleier Bernt Hagtvedt sin artikkel med
eit sitat frå ein rapport ved Yale University frå 2003.
«Etter vårt syn er den student best utstyrt for
fremtiden som kan mønstre kompetanse på flere plan; som kan anvende sin
dyktighet på fantasieggende og mangeartede måter i situasjoner under endring:
det er en person som stadig finner nye bruksmåter for ting som er innlært, og
som fortsetter å trekke ut ny læring fra nye fakta han eller hun møter.”
   Utvalet
refererer mykje til framståande amerikanske universitet og deira vektlegging av
Liberal Art. Eg oppfattar at denne tradisjonen er ei inspirasjonskjelde for
utvalet når dei ønskjer å få fart på samtalane om manglande danningsperspektiv
i norsk høgare utdanning.
Sett
i lys av ei rivande utvikling av kunnskapssamfunnet, der kunnskap raskt eldast
og omskiftningane skjer i stort tempo, ønskjer utvalet auka fokus på ein annan
type fag av overgripande karakter som dei m.a. finn innafor Liberal Art
tradisjonen.   Dette er ein type fag som skal (sitat):
         «..skape uro i overleverte
forutsetninger, gjøre det kjente ukjent, å
          avsløre hva som foregår under og utenfor
tilsynekomster, å
          desorientere unge mennesker og hjelpe dem til
å finne veier til å
          reorientere seg…».      
                                                                    
                                                                    
Personleg vekst

Eg vel å kalle dette for overgripande
kompetansar og meiner det m.a handlar om evne til refleksjon, etisk handling,
empati, nysgjerrigheit, kritisk 
vurdering, analyse, global forståing, initiativ, kreativ problemløysing,
evnen til å sjå seg sjølv som ein del av eit større felleskap, demokrati og
deltaking, dialog og samtale.
Alt
dette er kompetansar som ikkje er spesifikt faglege, men personlege
kvalifikasjonar som eit menneskje tileigner seg gjennom eit variert og breidt
læringsprogram og erfaringslæring. For meg representerar  dette viktige sider ved  menneskje,- 
som  kjelde til innsikt, rik livsutfalding,
endringsevne og personleg vekst. At dette også kan gje seg utslag i høgare
produksjonsevne er godt kjend. At det er viktig for å oppretthalde
velferdsstaten er eg overtydd om!
   Sjølv
ser eg på desse personlege kompetansane, eller kvalitetane om ein vil, som viktige,
ikkje-elitistiske, karaktertrekk hos eit danna menneskje.
Utvalet
peikar på at om desse danningfaga skal tilbake/inn i i norsk høgare utdanning
vil det nødvendigvis føre til at tidsramma for t.d. ein bachelor må utvidast.
Kanskje er folkehøgskuleåret verdt sin pris?
   Folkehøgskulen
skal nemleg vere,  og er,  ”spesialist ” på overgripande kompetansar.
Sjølve oppdraget til folkehøgskulen, slik eg ser det, er å setje overgripande
kompetansar i fokus. Desse kompetansane er vanskeleg å måle. Korleis skal vi
t.d. definere kva eit danna menneskje er, kva er kriteria? Men vi veit det når
vi møter det!
   Folkehøgskulen
veit sjølvsagt  at den ikkje er
sjølvsagt. Grundtvig ga den m.a. følgjande visjon med på vegen
”Venner det er stort i giære/ gennem en kaotisk strid/der
er meget nu at lære/ mest dog at forstå sin tid.”
   Berre
gjennom å vere ein skule i tida og for morgondagen kan folkehøgskulen overleva.
Vi tek dei unge vaksne med på mange slags utfordringar, opplevingar og reiser,
det er rett. Eit viktig felles trekk med alt vi gjer er ei målsetting om å  «uroe» dei, opne nye dører, gje dei tid til å
reflektere, sjå seg sjølve i nye fellesskap og samanhengar og til å trekke
læring ut frå det dei er med på. Om vi står på ski eller surfer er for så vidt
uviktig dersom vi tek oppdraget vårt på alvor og utfordrar elevane på den overgripande
dimensjonen der dei er til ei kvar tid. Da kan folkehøgskoleåret bli eit år med
grunnleggjande viktig læring og faktisk ganske lønsamt for samfunnet.
Eg
trur vi trygt kan tåle ei samanlikning med akademia sine invittar til surfing
og ex.phil på Bali.