Fredspris til Samira

Samira Srur Allison fekk fredspris frå elevane ved Bømlo folkehøgskule
for sitt fredskapande arbeid som rektor ved folkehøgskulen «The new
Abrahamcenter for languages».

   Den
beskjedne pedagogen og fredsskaparen kom til Bomlo sist sundag og budde på
internatet ved Bømlo Folkehøgskule
fram til torsdag, for å kunne ta imot prisen og halda foredrag om situasjon
mellom Palestina og Israel. Med seg på turen hadde ho Mohsen Ghazali,
koordinasjonsleiar for FNs utviklingsprogram i Gaza.

   I den innleiande talen av elev Pernil
le Antonsen Guttormsgaard, kunne ho mellom anna fortelja – Etter at me elevane
vart einige om at ekstremisme er vårt tema for fredsfestivalen, kom me over ei
unik historie om ein folkehøgskule
lokalisert i Gaza, og ei dame med namn Samira Srur Allison som har drive denne
skulen gjennom tjue år.
   Samira er ei dame som lærer palestinarane
hebraisk og israelarane arabisk. Eg var sjølv på vestbreidda med
psykologiklassen før jul. Menneske som Samira skaper fred. Arbeidet ho driv med
er svært viktig, fortalde Pernille Antonsen Guttormsgård.

   Ho fortalde vidare at skulen Samira
Srur Allison driv, fokuserer hovudsakleg på at palestinarar og israelarar skal
læra kvarandre sitt språk og i tillegg omgås kvarandre ved hjelp av sosiale
aktivitetar.

   – Samira legg stor vekt på at ho er
politisk nøytral og berre vil at folk skal snakka saman.
Det er viktig for henne at denne skulen ikkje blir brukt som eit politisk
middel frå nokon si side, fortalde Antonsen Guttormsgaard.

   Samira fekk eit diplom, ein
blyantteikning fint innramma og 15.000 kroner som elevane hadde samla inn til
støtte for Samira sitt arbeid ved folkehøgskulen i Ghaza. Skulen heiter «The new
Arahamcenter for languages».

   5.000 elevar har
vore innom folkehøgskulen
hennar på Ghaza, seier Maren Langvik Eilertsen, elev ved linje for Afrika, fred
og solidaritet. Ho er ein av leiarane i årets fredsfestivalkomite ved Bømlo Folkehøgskule.
Klippet fra Bømlo-Nytt