En klassiker om humanitet

Av Tore
Haltli

Arne
Garborg skrev i 1881 en artikkel til Fedraheimen om «humanitet».
Det lille essayet er et radikalt forsvar for toleranse, ytringsfrihet og
dannelse.
Mange av
utfordringene han skriver om møter vi like sterkt i dag som i 1881. Det er
mange saker i offentligheten hvor det medmenneskelige perspektivet ser ut til å
mangle.

Arne Garborg er to the point. Her
er det rene ord for pengene. Derfor er det på tide at vi tar en
gjenlesning av Garborgs klassiker «Kva er humanitet?».





Arne Garborg: Kva er «humanitet»?
Når eg
har vørdnad og medhug for det som er godt og ærleg, det vere lite eller stort;
når eg har sans og syn for det som er fagert, sant og naturleg; når eg forstår
og dømmer rettferdig
om alt det som menn kan gjera, tenkje eller lide, det
vere no godt eller vondt, – det er humanitet.

Når ein
mann er i naud, og eg hjelper han, og hjelper han på ein slik måte at han kan
taka imot hjelpa utan å kjenne seg skjemd eller bøygd; når ein mann har andre
meiningar enn eg og eg forstår hans standpunkt, og forstår at
han kan eller må ha det standpunktet, men eg
vørder mannen like fullt, og er imot han som imot alle andre, – det er
humanitet.


Når eg
har tilføre til å gjera eit låkt eller vondt verk som eg kunna ha stor vinning
av, og som eg visste at eg kunne gjera utan at nokon i verda fekk vita det, men
eg likevel ikkje kan gjera det, for di eg kjenner med meg sjølv at
det ikkje er ærleg; når eg ser ein mann som fer stygt eller gali
åt, eller er ein skarv eller ein brotsmann, og eg likevel dømmer han mildt, for
di eg forstår korleis han kan koma til å fara slik, – det er
humanitet.

Når eg
er likså glad i det som hjelpa andre fram i velvære, mannsverd,
opplysning, folkeskikk, – likså glad i det som i min eigen
bate, og eg altså  følgjer med i det allmenne samfunnslivet og
kanskje arbeider med i det, og så vidt som eg kan, – det er
humanitet.

Når eg i
alle ting held fast på min fulle rett og ærlege rett, men samstundes fullt ut
vørder andre sin rett og aldri brukar vald mot verjelause; når eg til vern for
meg sjølv og andre fører krig mot alt som er vodt, stygt eller farleg, så at de
vonde maktene ingen skade får gjort, korkje på fe eller folk, korkje på land
eller åndsutvikling, – det er humanitet.

Når eg
lever fullt og sant med i det store, allmenne mannslivet og steller meg så som
det sømer seg menn å stelle seg, – det i ein sum humaniteten.

For
å kunna vera i full meining human, må eg ha daning. Eg
må vita det som menn bør vita: eg må kjenne dei store natur- livs- og
samfunnslovene; – då fyrst kan eg nå opp til fullt å forstå meg sjølv og
andre. Det er humanitetens grunnlag.

Råskapen
forstår ikkje så mykje at han kan vera human. Råskapen bryr seg berre om seg
sjølv, grev berre til seg sjølv, og trur at han kan vinne mest med det både
straks og i lengda, er like sæl om alt samfunnsliv og åndsliv, dømmer og
fordømmer alle framande meiningar og alle som ikkje «er som folk flest», hatar
dei som lid naud for di dei «er til mein for andre», harmar seg over alle krav
på framgang og utvikling for di framgang og utvikling kostar pengar og
arbeid.
– Det er
ikkje fritt for at vi kjenner litt til råskapen – den kjolekledde som den
koftekledde – her i landet og!