Meir synleg i samfunnsdebattar

Erik Tornes, debattleiar i Aftenposten ga tips og råd til deltakarane
Korleis kan folkehøgskulen verte meir synleg i samfunnsdebattar? Éin
veg å gå er å delta i avisdebattar, både i papirutgåver og på nett, men det er
ikkje alltid lett å kome gjennom nålauget til dei store avisene. Difor
arrangerte Internasjonalt Utval for folkehøgskulen (IU) nyleg skrivekurset «Frå
idé til tekst –for globalt engasjerte folkehøgskuletilsette». På kurset fekk
deltakarane både nyttige tips og råd, og kom i gang med skriving av eigne
kronikkar.
Som eit resultat av fagfelleprosessen til IU skuleåret 2012/13 vart det
sett fokus på ønsket om at folkehøgskulen skal bli meir synleg i
samfunnsdebattar, då særleg dei som omhandlar globale tema. For å verte meir
synleg må ein kunne skrive godt om ei aktuell sak, og vite kva som skal til for
å kome på trykk i dei større avisene.

Korleis
ein får tekst på trykk
Erik Tornes, debattleiar og konstituert debattredaktør i Aftenposten,
starta dagskurset 28. november på Folkehøgskulekontoret. Tornes hadde ein
informativ og konkrekt presentasjon om korleis Aftenposten tenkjer og jobbar med
kronikkar og debattinnlegg, og kva ein som avsendar bør tenkje på når ein ønskjer
å få ein kronikk eller eit innlegg på trykk.  I tillegg til sine «Ti bod» (sjå faktaboks),
fortalde Tornes at Aftenposten ønskjer variasjon, både nå det gjeld type
innlegg (litterært, faglig eller debattinnlegg) og kven avsendaren er. Tornes
la også vekt på at det er mange gode kronikkar Aftenposten diverre ikkje får
trykke på grunn av plass (om lag 10 av 100 kronikkar kjem på trykk kvar dag, på
nett og i avis), og at ein ikkje må stoppe å sende inn kronikkar sjølv om ein
får eit avslag. Aftenposten ønskjer spesielt innlegg frå kvinner, unge og eldre
menneske, studentar og folk frå distriktet; altså «vanlege» menn og kvinner
utanfor Oslo. Her bør folkehøgskuletilsette stille sterkt!
Ver deg
sjølv
I tillegg til godt språk, god tittel og ingress, er det viktig å få
fram «eg»-stemma i teksten og dele anten personlege erfaringar eller kome med
gode døme som er med på å få fram bodskapen i teksten. – Ein kan til dømes
ikkje skrive om NAV utan å inkludere personlege historier som får fram poenga i
saka. Det er ofte personlege kronikkar som set i gang debattane, fortalde
Tornes,
og la til – Men det er viktig å kombinere det personlege med det faglege.
Deltakarane vart også åtvara mot å bruke sarkasme og ironi, men å gjerne skrive
med eit «glimt i auget» samtidig som ein har ein sakleg og konstruktiv tekst.

 Eivind Hiorth, Per Olav Eliassen, Ato Owusu-Addo og Karine Risnes
Frå idé
til tekst

Etter lunsj var det tid for å ta tak i tekstideane til deltakarane, og ta
i bruk dei gode råda og tipsa frå Tornes. Deltakarane jobba fyrst individuelt
med sin idé, og deretter i grupper kor ein kom med tilbakemeldingar og venleg
kritikk til kvarandre på det ein hadde fått skrive så langt. Fleire av
deltakarane klarte i løpet av på den korte tida å laga ein disposisjon, og kome
med fleire viktige og gode argument i teksten sin.

Tilbakemeldingane var at det var eit godt og lærerikt kurs, kor ein fekk
fleire nyttige tips og råd. Det er også positivt å ha møtt debattleiaren i
Aftenposten, så kanskje det er litt lettare å sende inn innlegg. Det kom også
inn forslag om å arrangere ei ny samling på eit seinare tidspunkt.
Det er alltid mange aktuelle og viktige globale saker  å ta tak i, og i tida framover håper IU å sjå
fleire kronikkar skrivne av folkehøgskuletilsette, i både regionale og lokale
aviser!

Ti bod
for ein debattant som vil fram i verda
v/Erik Tornes,
debattleiar i Aftenposten
1. Du skal tenke gjennom nøyaktig kva du vil med kronikken. Kva skal den
føre til?
2. Du skal vite kven du skriv kronikken for og tilpasse språket og forma
etter det. Adresser kronikken slik at ein person eller institusjon kjenner seg
forplikta til å svare.
3. Du skal skrive for den alminnelege avislesar, og ikkje tenke på dine kollegaer,
institusjonen, Forskingsrådet, departementet, oppdragsgjevar eller styresmaktene.
4. Du skal ramme inn kronikken med ei konkret historie eller eit relevant
døme, slik at lesaren forstår korleis dei viktige prinsippa eller abstrakte
tema du skriv om er forankra i levande menneske og konkrete saker.
5. Du skal skrive personleg, bruke «eg» i staden for «me» og gje teksten
ei tone og stemme.
6. Du skal la vere å bruke fagterminologi, framandord som ikkje forklarast,
og vise til faglitteratur.
7. Du skal tenke journalistisk og skrive ein god tittel, helst utan spørsmålsteikn,
ein god ingress på tre linjer som vekkjer nysgjerrigheit eller presenterer
konklusjonen din, og ca. ti mellomtitlar. Du skal leggje ved eit godt fargefoto
og tre linjer om deg sjølv.
8. Du skal finne ein «knagg», ei hending, som gjer kronikken aktuell for
ei avis.
9. Du skal berre sende til éi avis om gangen, og be om å få svar frå
redaksjonen i løpet av maks tre dagar.
10. Du skal be om å få tilbakemeldingar på det du har skrive før det vert trykt.