Folkehøgskolen, – prisen verdt?

Av May Evy Bakken, rektor Sogndal folkehøgskule

Unge Høgre har sett folkehøgskulen høgt opp på dagsorden. Det er
fint! 
 
Fint av fleire grunnar.    
For det første er det viktig at dei gjer kjend sitt verkelege syn på
folkehøgskulen, ikkje berre let oss leva i trua på den løgna som dei serverte
under skuledebatten på Sogndal Folkehøgskule før valet i fjor haust.  
Faksimile – Sogn Avis

 

   For det andre er det viktig å få i gang ei samtale om kva slags
nytteomgrep og verdiar vi skal leggje i botnen for det offentlege skule-og
utdanningssystemet framover.  Ja,- for
folkehøgskulen er faktisk ein del av det offentlege tilbodet  med eigen lov og formålsparagraf.
   For det tredje er det viktig at vi som lever og arbeider i folkehøgskulen
blir minna om kor viktig det er å ha opne dører og invitera alle innom for å få
innsyn i og kunnskap om dette unike skuleslaget. Basert på innsikt og kjennskap
må sjølvsagt såvel Unge høgre som alle andre ta standpunkt.

   Eg har ikkje funne gode  grunngjevingar for Unge Høgre sitt standpunkt,
utover eit lesarinnlegg i Sogn Avis laurdag 5. april, underteikna Christopher
Amundsen Wand, generalsekretær i unge Høgre.

Han baserer standpunktet sitt på det han har høyrt frå vener og kjende.
Nokre nøgde, nokre glade for ei reise dei fekk med seg. Dette er magert!                                                                 Eg
høyrer også mykje frå tidlegare elevar. Eg har til gode å høyre nokon omtale
det som unyttig eller bortkasta, men det finst sikkert nokre av dei óg,- akkurat
som dei finst i det obligatoriske og akademiske skule-og utdanningsverket. (Mange
av dei vart faktisk fanga opp av folkehøgskulen og får ein restart på
utdanninga si etter danningåret)
Det gjer godt for sjølvkjensla å få godord frå tidlegare elevar, men
det kan ikkje vere det aleine som skal avgjere om folkehøgskulen skal ha ein
plass i samfunnet vårt, like lite som ytringane frå Wand sine vener har det motsette
som konsekvens. Dessutan
syder innlegget av mangel på historisk kunnskap. Idédugnad over eit bord kan
vere ein nyttig reiskap, men eg trur Unge Høgre vil verte avkrevd noko meir historisk
innsikt i sakene før politikken skal overleverast med nøkkel!
   Det er folkehøgskulen si lange historie i det norske og nordiske
skulelandskapet som gir legitimitet og eventuelt grunnlag for vidare eksistens.
Dei som har sett seg inn i dette vil vite at folkehøgskulen har vore ein
vesentleg moderniseringsfaktor i det norske samfunnet og heilt sentral i
bygginga av nasjonalstaten og dei demokratiske rettane for folk.
    Det er derfor ei stor styrke for folkehøgskulen at ein
forskningsrapport utført ved NTNU i 2010, «Elevers utbytte av folkehøgskolen»,  syner at fagleg
læring, sosialt engasjement og demokratisk
deltaking er blant dei mest sentrale faktorane i eit
folkehøgskuleår og at desse aspektane heng nøye saman.
Er dette nyttige og viktige kompetansar å halde ved like i samfunnet
vårt?                                         Dersom ja,
– vil andre skule-og utdanningsinstitusjonar vere i stand til å ivareta dette
på same måten?  Er folkehøgskulen verdt
prisen?
   Så vidt eg kan lesa meg til er standpunktet til Unge Høgre basert på
ein framtidig økonomi utan tilskot frå oljetankane i Nordsjøen. Når noko ikkje
let seg omrekne til ein akademisk grad som igjen skal sikre auka
konkurranseevne i ein oppheita global økonomi må det prioriterast vekk. Det er
enkel matematikk! For Unge Høgre. I eit slikt reknestykke vert sjølvsagt
kompetansar utover dei reint teknisk-instrumentelle utan særleg verdi. 
   Er det slik vi vil ha det? Ønskjer vi eit samfunn der menneske vert
redusert til ein matematisk formel med svar auka bruttonasjonalprodukt? Er det
dette som skal vere utgangspunktet for synet vårt på menneske, kunnskap,
danning og utdanning i framtida?
Eg er glad for å leve
i eit samfunn som framleis veit å verdsetje menneske i seg sjølv og ikkje berre
som ei nødvendig brikke i produksjonskjeda.
   Med eit langt liv bak
meg i folkehøgskulen tør eg å seie at det er danningsideala
som har vore drivkrafta i arbeidet og som eg
framleis meiner er det sentrale og det framtidsretta! Danningsideala
er viktige i norsk skuledebatt generelt og folkehøgskulen er  ikkje aleine om dette.
Fleire norske universitet
og høgskoler sette i 2007 ned sitt eige «Dannelsesutvalg». Var
dette ei bekymringsmelding over dei faktiske tilhøva innafor universitets-og
høgskolesektoren?
Rapporten, ”Kunnskap
og dannelse foran et nytt århundre” kom i 2009. Den er interessant lesing også
for oss som jobber i folkehøgskolen.  Den
gir viktige innspel til dei samtalane folkehøgskolen stadig må føre om det som
er vår primæroppgåve,- å ha heile mennesket i fokus i det døgnkontinuerlege arbeidet.
   Utvalet sitt
utgangspunkt er det dei oppfattar som eit svekka
danningsperspektiv
i høgre utdanning til fordel for eit (sitat):  
           «..sterkere fokus på spesifikt og
teknisk innhold» og ein tilsvarande
           «..reduksjon eller eliminasjon av
undervisningselementer og/eller
              studieopplegg som har hatt  som formål å stimulere til studentenes
              dannelse og allmenndanning.» 
Utvalet vurderar
danningsdimensjonen som ein viktig faktor i høve til den rolla som kvar og ein
av oss skal spele inn mot eit framtidig
samfunns-og arbeidsliv.
(Kanskje bør Unge Høgre sette seg ned att ved teiknebordet
sitt?)
    I nemnde rapport innleier
Bernt Hagtvedt ein artikkel med eit sitat frå ein rapport ved Yale University
frå 2003.
”Etter vårt syn er den student best utstyrt for fremtiden som kan
mønstre kompetanse på flere plan; som kan anvende sin dyktighet på fantasieggende
og mangeartede måter i situasjoner under endring: det er en person som stadig
finner nye bruksmåter for ting som er innlært, og som fortsetter å trekke ut ny
læring fra nye fakta han eller hun møter.”
   Eg vel å kalle dette
for overgripande kompetansar og
meiner det m.a handlar om evne til refleksjon, etisk handling, empati,
nysgjerrigheit, kritisk vurdering, analyse, global forståing, initiativ,
kreativ problemløysing, evnen til å sjå seg sjølv som ein del av eit større
felleskap, demokrati og deltaking, dialog og samtale.
   Dette handler om personlege
kvalifikasjonar som eit menneske utviklar gjennom eit variert og breidt
læringsprogram og erfaringslæring, slik folkehøgskoleåret er bygd opp.  Eg ser på desse personlege kompetansane som
viktige, ikkje-elitistiske, karaktertrekk hos eit danna menneske.
Folkehøgskulen skal
vere ”spesialist” på allmenndanning og utvikling av kompetansar som kjelde for rik
livsutfalding, endringsevne og personleg vekst. Rapporten frå NTNU, «Elevers utbytte
av folkehøgskolen» frå 2010, dokumenterer at dette er tilfelle.
At dette
også kan gje seg utslag i høgare produksjonsevne er godt kjend. Kreative,
reflekterande  og endringsklare
medborgarar kan vere avgjerande når oljekrana er skrudd att.
Dannelsesutvalet  peikar på at om danningfaga skal tilbake/inn  i norsk høgare utdanning vil det nødvendigvis føre
til at tidsramma for t.d. ein bachelor må utvidast. Det kan koste dyrt!    

Kanskje
er folkehøgskuleåret verdt både poenga og prisen?

Sogndal, 08.04.2014.
Mai-Evy Bakken
Rektor
Sogndal Folkehøgskule