Hallingdal utsetter rektoransettelse

Vi
klipper fra Halljngdølen

Det var få søkjarar til rektorstillinga ved folkehøgskulen.
Jobben blir lyst ut på nytt ved årsskiftet.
Hallingdal
Folkehøgskule manglar rektor frå 1. august. Jobben vart fyrst lyst ut i juni, med
kort søknadsfrist. Det kom inn tre-fire søknader på den ledige jobben.

   – Me ville ikkje tilsetje nokon fast på
grunnlag av ein så tynn søkjarmasse. Styret jobbar med å få til ei mellombels
løysing for neste skuleår, seier Per Egil Kolsrud, styreleiar ved skulen.
   Gisle Skoglund, som sa opprektorjobben i
mai, har sagt  seg villig til å stå i
stillinga fram til haustferien.
    – Me er letta over at han kunne halde fram
ut september. Og så jobbar me med å få til ei intern løysing for resten av skuleåret. 

Me har ein i kikkerten som er villig til å ta oppdraget,
dersom styret og personalet synest det er ei god løysing, seier Kolsrud.
   Han innser at søkjarane fekk knapt med tid. No
er planen er å lyse rektorjobben ut på nytt kring årsskiftet. Kolsrud trur det
vil gje styret rom til å få ei varig løysing for den ledige rektorstillinga i
god tid 
før
skulestart 2016. – Eg trur dette skal bli ei god løysing for skulen, seier han.