Tror karakterjaget sender flere til folkehøgskolene

Karakterjaget hjelper til rekordhøge elevtal hos folkehøgskulane, meiner rektorane ved landet sine to største folkehøgskular. Dei får støtte frå forskarhald.
   
– Kvart år kjem mange elevar til oss og sukkar, og fortel kor slitne dei er, seier rektor ved Rønningen Folkehøgskole, Svein Harstein, til KPK Han ønskjer heile 186 elevar velkommen ved skulestart. Det gjer folkehøgskulen til den største blant dei totalt 31 kristne folkehøgskulane i landet.
  
 – Det er sprengfullt. Vi har aldri hatt så mange før, seier Harstein.    

Treng pust i bakken Han understrekar at det blir drive godt marknadsføringsarbeid, både sentralt og hos kvar enkelt skule. God skuledrift kan forklare noko av voksteren, men samtidig peikar han på at den vidaregåande skulen i Norge har utvikla seg til å bli det han kallar ein rein teoretisk skule.

   – Me har mange elevar som også er fagleg flinke, og som kunne komme inn på tunge studium, men dei treng ein pust i bakken. Her får dei utvikle andre sider og utfolde seg kreativt gjennom idrett, musikk eller kunst. Det er den typen kreativitet som den norske skulen no blir tappa heilt for, seier han. 
Fra KPK.