Folkehøgskoler flykter fra nynorsken

Bømlo folkehøgskule har i samråd med reklamebyrået Zpirit på Stord gått inn for å marknadsføra seg på bokmål på nettsidene sine.
   Rektor Magne Grøneg Flokenes forklarar at dei har fått klar beskjed om at skal ein nå ungdommen no til dags må ein skriva bokmål. Vedtaket er difor gjort med tanke på å kommunisera til ungdom over heile landet.
   Bømlo folkehøgskule, som tidlegare heitte Olavsskolen, har opplevd aukande søkjartal dei siste åra.
Flokenes trur ikkje søknadsauken skuldast endring av målform, men heller namneendringa.

   I år hadde dei 300 søkjarar og nyleg starta 99 nye elevar frå nesten alle landets fylker på folkehøgskulen. Rektor anslår at dei fleste av desse har hatt bokmål som hovudmål på vidaregåande.
   Rektor ved Bømlo Folkehøgskule Magne Grøneng Flokenes er gamal målmann, som helst hadde sett at skulen fekk skriva nynorsk.

Dette skriver Framtida.no – les hele artikkelen