Starter nytt fotonettverk

Fagnettverk som utviklings-
og læringsstrategi                                    
Voss, Fana og Nordhordaland tek no initiativ
til å etablere eit nasjonalt fagnettverk i film og foto for lærarar i
folkehøgskulen. Vi byrjar 25. april!
Claus Røynesdal,
rektor Voss folkehøgskule
Den
japanske forskaren Ikujiro Nonaka hevdar at vi korkje får den beste utviklinga
frå botnstyrt- eller toppstyrt styring. Det som fungerer er midtstyrt: når dei
flinke og engasjerte fagfolka i midten av organisasjonane driv det faglege
utviklingsarbeidet. Fagnettverk handlar om å dele, bruke og skape ny kunnskap. Slike
nettverk vil kunne verte viktige lærings- og utviklingsarenaer for

folkehøgskulane.

Nettverk er organisert utvikling
I eit
kunnskapssamfunn som vårt, vil nettverk mellom engasjerte fagfolk kunne gje eit
stort utbytte for lærarane, skulane og elevane. Slik vi ser det, handlar
læringsnettverk om seks sentrale punkt:
1.      
Å
dele, skape og bruke ny kunnskap
2.      
Dette
er eit samarbeid som gir meirverdi, der 2+2=5
3.      
Nettverk
byggjer kompetansekvalitet og utviklingskompetanse. Vi utvidar den pedagogiske
verktøykassa med fleire grep, nye metodar og didaktiske verktøy
4.      
Attraktivitet:
Kompetanse- og forskingsmiljø vil gjerne delta og samarbeide med eit fagleg
nettverk
5.      
Motiverande
fagleg og sosialt for lærarane
6.      
Kultur
for å lære noko nytt, open erfaringsutveksling og våge å gjere feil
   Nettverk er tufta på gjensidig forplikting. Dette
er ikkje «uforpliktande» kurs eller «passiviserande» førelesingar. Nettverk er
aktiv deltaking, førebuing og erfaringsutveksling. Det er ein lærings- og
utviklingsarena. Gode fagnettverk vil også bidra til å byggje omdømme for
folkehøgskulesektoren. Både Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet er
sterkt opptekne av nettverk som utviklings- og læringsstrategi i utdanningssektoren.
Nettverk er difor ein god strategi for ytterlegare profesjonalisering av
læraryrket.
Organisering av nettverk
Eit
nettverk er eit avgrensa gode; alle kan ikkje vere med. Nettverket må ha mange
nok deltakarar til at det blir variert og pulserande, men ikkje for mange slik
at deltakarane ikkje blir godt nok kjent med kvarande. 15 – 20 deltakarar er
eit høveleg tal. Dei må vere innstilte på å delta aktivt i nettverket gjennom fleire
år, slik at vi får kontinuitet. Det er alltid utskifting i ei slik gruppe på
grunn av permisjonar, oppseiingar og nytilsette lærarar. Nettverket
kommuniserer mellom deltakarane på epost og i ei lukka gruppe på Facebook. Her
får vi kontinuerlege meinings- og erfaringsutvekslingar, tips, råd og ulike
innspel. Det må vere nokre lærarar som kler rolla som «nettverksansvarlege». Om
lag tre lærarar frå ulike skular bør vere «nettverksansvarlege». Oppgåva deira
er å planleggje og gjennomføre det tekniske og organisatoriske: Kva tid og kvar
skal nettverket arrangerast? Dei må førebu og organisere det tekniske på
samlingane, og sende ut sakliste på førehand. Dei nettverksansvarlege må også
administrere deltakarliste, og ha oversyn over kven som er med i nettverket. Når
nettverka er komne godt i gang, handlar det om å fordele faglege oppgåver
mellom deltakarane. Dei nettverksansvarlege i film og foto er Camilla Haukedal
frå Voss, Knut-Inge Johansen frå Fana og Pål Gabrielsen frå Nordhordaland.
Aktivitet i sjølve nettverket
Nettverka
blir arrangert to goner i året, ein gong om hausten og ein gong om våren. Det
er dei same deltakarane kvar gong, der dei skal ha mellomliggjande arbeid eller
oppgåver mellom samlingane. Nettverka bør samlast på ein vanleg arbeidsdag i
september eller oktober, og i mars eller april. I forkant av samlinga blir det
avtalt og sendt ut eit program. Det er gjerne ein artikkel eller noko fagstoff
som skal lesast og diskuterast. Det kan vere skriftleg førebuing i nokre punkt
til ei erfaringsutveksling eller diskusjon. «Gallery Walk» kan vere ein metode,
der nokre skular presenterer korleis dei arbeider med ulike tema og metodar. Då
går deltakarane rundt og «shoppar» idear og innspel. Andre metodar er «Kafedialog»,
der nokre skular legg fram sine prosjekt på ulike kafebord. Andre metodar er
workshop, dialogspel, rekkjeframlegg i gruppe, erfaringsdeling med refleksjon
eller praksisforteljing. Ofte vil det vere føremålstenlig å ha inn ein
førelesar i ein mindre del av tida, eller at nokon av lærarane på nettverket
held førelesing sjølve. Eksterne førelesarar bør ikkje bruke for stor del av
tida. Eit nettverk vil også ofte gje tilgang til nye ressursar. Eksterne
fagmiljø vil gjerne samarbeide med eit slikt nettverk, og det vil ofte vere
enklare å få innpass i andre organisasjonar og fagmiljø. Det opnar bokstavleg
talt dører, og gir fleire referansepunkt. Nettverket kan også hospitere på ein
av folkehøgskulane, eller andre relevante fagmiljø. Eit vidare skritt er at
nettveket reiser på studieturar i Europa. Senter for internasjonalisering av
utdanning (SiU) har til dømes Erasmus+ midlar til å finansiere slike
studieturar for lærarar.
Saman er ein mindre åleine
Alle
skular må setje av tid til utviklingsarbeid. Då må ein også skifte «tenkjehatt»
frå forvaltningslogikk og tenesteproduksjon til utviklingslogikk og det å vere
kaospilot. Utviklinga ligg i grenselandet, på tvers av organisasjonsgrenser. Utviklingslogikk
er prega av kaos, usikkerheit, dilemma, innovasjon, prøving og feiling. Dette
er ei anna logikk enn det ein nyttar i «tradisjonell» undervisning, kurs og
møteverksemd. Utvikling vil alltid vere arbeid mot ein motstand. Ofte vil det
vere litt slitsamt, i byrjinga. I kollektive kunnskapsutviklingsprosessar
skiftar forståinga, eigarskapen, deltakarane og samhandlinga, både hos lærarane
og rektorane. Nettverk er prosessarbeid og kulturbygging, det er måtar å gjere
ting på som må eigast av praksisfellesskapen. Dette tek sjølvsagt litt tid for
deltakarane og dei nettverksansvarlege. Eigen skule kan få utfordring når
faglærar skal på samling, men dette let seg gjennomføre med god planlegging. Og
sjølv om det er billig, er det ein kostnad. Men vi har ein høgre kostnad ved å
tilsetje nye lærarar dersom vi «brenn ut» dei vi har. Folkehøgskulane er ulike
i form og innhald. Det er stor skilnad mellom skulane når det gjeld liner og
fag. Dette speglar også høvet til å drive kontinuerleg fagleg utvikling. Ofte
vil det vere ein eller fåe lærarar som er ansvarlege for faget på sin skule. Då
kan det fort vere utfordrande med fagleg oppdatering og nybrottsarbeid i eit
hektisk skuleår. Nettverk er ein god måte å kompensere for dette. Mange
rektorar er med rektornettverk i Virke og andre rektornettverk. Det er grunn
til å tru at faglærarar har eit tilsvarande behov. For å låne orda til
forfattaren Anna Gavalda: «Saman er ein mindre åleine».
Jeg velger meg april

Første
samling i fagnettverket blir på Fana folkehøgskule i Bergen, tysdag 25. april
2017, kl. 10.00 – 16.00. Program er under utarbeiding, og blir langt ut på
sidene til Folkehøgskoleforbundet. Hovudsakleg vil vi bruke første samlinga på
å organisere, bli kjende, avdekke ønskjer og behov og byrje den langsiktige
planlegginga. Kostnaden for samlinga er kr. 350, som dekker kaffi, lunsj og
ekstern førelesar. Frist for påmelding er 31.mars. Interesserte kan ta kontakt
eller melde seg på til
camilla.haukedal@voss.fhs.no