Om reiser i folkehøgskulen

Vi reiser
for langt og vi brukar for mange ressursar. Og det sjølv om det er mykje å
oppleve og sjå når du går rett utanfor døra di. Eg trur å huske at ein av
karakterane i Siegfried Lenz si bok Tysktime problematiserer dette med å reise
– nett fordi han ikkje har trongen, sidan det er så mykje variasjon i
landskapet på vegen han syklar kvar dag.

   Likevel, vi reiser. Sunnhordland
folkehøgskule bygger fagprofilen sin på estetiske fag og ligg samstundes på ei
øy, stort sett utan andre tilbod enn dei vi lagar sjølv på dette feltet. Innan
desse faga har vi såleis ikkje mogleik  til å få mykje inspirasjon frå
andre her på øya. Vi bur langt frå hovudstaden, for å seie det slik. Derfor
reiser vi til London for musikk, kunstgallerier, spelmesser og teater. Derfor
reiser nokre av oss til Berlin for musikk og kunst. I år var vi òg invitert til
Berlin for å vise «Danny og den store fasanjakta» av Roald Dahl på Quentin
Blake Europa Schule. Vi treng inspirasjon og læring frå verda utanfor vår vetle
øy.

Japan
   Vi har òg ein frivillig tur til Japan (litt
under halvparten av elevane er med). I forkant av turen har vi kurs i japansk
språk og kultur. Elevar på fleire av linjene våre er svært interessert i
japanske kulturuttrykk og let seg inspirere av dette i sitt eige arbeid – slik
òg Trond opplever at det er for elevane på Hardanger. Ja, vi reiser langt og
det kan vere at vi ikkje bør gjere det, men det er verkeleg ei stor oppleving
og svært lærerikt for dei som er med.
   I år 2000 fekk eg sjølv høve til å vere med
på ei lang tur – nemleg til Jagriti Vihara i India. Dette var ei reise i regi
av folkehøgskulane med støtte av Folkehøgskolerådet. Langt, ja. Skilsetjande,
ja. Dette å oppleve ein så totalt forskjellig kultur, luktene, fattigdommen,
rikdommen og det overveldande vakre, men første og fremst dei små møta med
lokale kvinner. Det blei sagt etterpå at slike turar ikkje gjer nokon
forskjell, levevilkåra blir som før dei dei stadene vi besøkte. Dette stemmer
jo heilt, men reisa kan gjere mykje med meg som reiser og endre ganske mykje på
haldningane mine. Og til Jagriti kom vi, ikkje for at vi kunne lære dei noko,
men for at vi sjølve skulle lære av dei. Kanskje det er for individualistisk og
arrogant å tenkje at det er viktig det som skjer med meg som er den reisande?

Oppleve kunst og kultur
   No reiser vi på Sunnhordland ikkje til
stader der det er ein stor ubalanse i levevilkåra i forhold til heime. Vi
reiser altså først og fremst for å oppleve kunst og kultur. Vi endrar ikkje
verda, men kanskjer ho endrar oss litt? Eg trur det er viktig at vi kan ha høve
til å gjere dette. Så får heller rektor ha tilsyn for elevar med lang reiseveg
i vinter- og haustferie, slik at desse kan vere på skulen då. Då sparte vi over
tjue gonger fire flyreiser til Nord-Norge og utlandet dette skuleåret.
   Det er sjølvsagt eit dilemma at vi brukar så
mykje ressursar og at vi forureinar så mykje. Slik vi gjer med heile vår måte å
leve på og vår mangel på nøysamheit. Dette må vi sjølvsagt jobbe med, men reisa
kan òg ha ein viktig plass i folkehøgskulen.

Mona Økland, rektor
Sunnhordland folkehøgskule