Debatt: Folkehøgskolens reisevirksomhet.

Terje Garvik svarer Geir Ertzgaard.
Først vil eg takke Geir Ertzgaard for ein spissformulert og tankevekkande artikkelen som er lagt ut på nettsida til Folkehøgskoleforbundet. Eg er enig med han. Eg er som han uroleg for at den prisen vi og samfunnet betaler for våre aktiviteter er for høg i forhold til det vi og samfunnet får igjen, i fotavtrykk, i truverdighet og kva som er moralsk rett.

Eg vil rose Folkehøgskoleforbundet for å ta opp desse spørsmåla både på Landsmøtet på Elverum i 2017, på rektormøta og i andre fora. Det er likevel veldig frustrerande, slik Ertzgaard skriv, at nesten ingenting har skjedd. Derfor treng vi ein god debatt om temaet.

Spørsmålet er om dette er ein del av eit større strukturelt problem, ikkje berre for folkehøgskolen, men i mange fora som skal ta standpunkt i vanskeleg spørsmål. For å ta eit eksempel. Plast er kommet veldig sterkt på dagsorden den siste tida. Havet er i ferd om å bli ødelagt. Kvalen som døydde med magen full av plast har blitt ein tankevekkar for mange. Dette miljøproblemet blei også diskutert på Stortinget. Der var det brei enighet om at plast er iferd med å bli ein katastrofe for livet i havet. Som avslutning på debatten kom det eit forslag om å forby eingongsplast. Det blei stemt ned. Resultatet av debatten blei eit totalforbud mot heliumballongar.

Vi kan gjerne smile, men det illustrerer eit reelt problem. Stortingspolitikerane skal velges ved neste valg. Dei må spørje seg, om dei er villige til å risikere å tape oppslutning dersom forslaget blir oppfatta som   lite populært. Eg trur på mange måter problemstillinga er den same som det den enkelte folkehøgskole stiller seg. Er det å tilby eit spennande og eksotisk reiseopplegg ei positiv drivkraft når det gjeld søknaden til skolen? Iallefall fram til idag trur eg mange vil svare ja. Skal då min skole risikere å ikkje ha fullt belegg dersom mange andre skoler velger å satse på denne reisevirksomheten?

Eg tror det er heilt avgjerande om ein skal kome vidare i bærekraft-debatten, at alle skolane, både dei frilynte og dei kristne, er med og er solidariske mot dei tiltaka ein skal gjenomføre. Då melder eit nytt problem seg: Den enorme frihet den enkelte folkehøgskole har. Eg fryktar at det kan bli svært vanskeleg å få bestemt endringar som monnar nok i desse spørsmåla, der alle skolene er enige og solidariske. Det er også ein vanskelig øvelse å vera villige, til å innskrenke frihet for min skole. Det trur eg må skje og er den einaste mulighet, dersom det skal skje noko konkret, og ikkje berre bli verbale øvelser.

I mi tid som folkehøgskolelærar hadde folkehøgskolen ein tilsynsmann, eit kontaktledd mellom utdanningsdirektoratet og folkehøgskolane.Eg tror det var feil å avskaffe denne stillingen. Det meiner eg at også mange andre saker, for eksempel kortkursversemda, har vist. Eg veit heller ikkje om dei spørsmål vi diskuterer her hadde løyst desse spørsmåla. Eg tror likevel det hadde vore svært nyttig om ein kunne hatt ein instans som, med tyngde og innflytelse, kunne ha kome med viktige innspel til alle skolane.

Så veit vi, jo, så altfor godt at det er ikkje reisevirksomheten i folkehøgskolen som kan redde jordas miljø og klima. Faktisk kan heller ikkje Norge eller Europa åleine klare det. Eg må likevel sei at eg blir nokså pessimistisk på vegne av jorda si framtid dersom ikkje eingong folkehøgskolane kan klare å bli einige om meir enn å seie nei til «heliumballonger.»

Terje Garvik