Ole Vig og gløden for folkeleg opplysning

6. februar 2024 er det 200 år sidan Ole Vig vart fødd. Han vaks opp i fattige kår på husmannsplassen Vikmarka i Stjørdal. Han sette alltid stor pris på heimen og oppveksten, og ikkje minst på mora sine forteljarevner: «Ei mor som kan fortelja må vere mønsteret for den beste læraren.»

Han var svært vitebegjærleg og talentet hans vart oppdaga under konfirmasjonsførebuinga av presten F. A. Widerøe, som bidrog til at Vig kom i på lærarseminaret i Klæbu. Lars Eskeland sin biografi om Ole Vig beskriv han slik: «Han hadde ei usløkkjeleg trong etter kunnskap og ljos.» I Klæbu fekk han kontakt med m.a. presten Frederik Wexelsen og gjennom han kontakt med Grundtvig sine tankar om skule og livsopplysning.

Februarrevolusjonen i Frankrike med folkereising og fridomsrørsler i Europa var òg til inspirasjon og skapte krav om betre vilkår for arbeidarar og husmenn. Etter nokre år som folkeskulelærar i Åfjord og Kristiansund kom han til Christiania tidleg på 1850-talet. Han vart der tilsett som sekretær for det nystarta «Selskap for Folkeoplysningens fremme», og dermed også redaktør for bladet «Den Norske Folkeskole». Eit blad for lærarar i folkeskulen. Vig arbeidde også for at læraryrket skulle få høgare status, og for at lærarane skulle samle seg i ei foreining. Samstundes var han redaktør for allmuebladet «Folkevennen», der han sjølv skreiv mykje av innhaldet. Desse verva utførte han i kombinasjon med å vere lærar på Hartvig Nissens skule i Christiania. Dette var svært arbeidskrevjande og Vig hadde lange arbeidsdagar med undervisning og skriving, – men han brann for idéen og hadde som motto: «det er kvild i ymse arbeid», – anna kvild var det lite av.

I 1854 flytta Vig inn i Hjerterum i Pilestredet. Dette var den tidlegare bustaden til Wergeland og Vig levde her i eit hektisk miljø. Dei unge forfattarane Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, komponisten Lindeman og presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt var i omgangskretsen. Ikkje minst var språkspørsmålet aktuelt i tida, og han hadde kontakt både med Ivar Aasen og Knud Knudsen.

Ole Vig hadde stor kapasitet, han skreiv historiebøker og artiklar, poesi og debattbøker og ga også ut ei diktsamling. Songboka: «Sange og Rim for det norske Folk» gav han ut i 1854. Denne bok danna kjernerepertoaret for norske songbøker over hundre år.

Han hadde ei utanlandsreise i livet; til Danmark for å besøke Sorø akademi og ikkje minst for å treffe Grundtvig. Dette var til stor inspirasjon, og styrkte Vig sine tankar om å bidra til folkeleg opplysning og det som han såg på som «folkets tarv».

I første årgang av «Folkeskolen» skriv Vig om Grundtvig sine skuletankar og idéar om folkehøgskulen. Ole Vig hadde ein visjon om etableringa av i alle fall ein skule i Norge, sentralt plassert t.d. i Gudbrandsdalen. Denne skulen skulle tene til: «Betre oplysning om det hele Folks Tarv, og om den levende Menneskenatur …» Det var eit av hans største mål i livet å starte ein slik skule som kunne skape eit nytt Norge. I Ole Vis si ånd fann Olaus Arvesen sterk inspirasjon for folkehøgskuletanken, og starta saman med Herman Anker, Sagatun Folkehøgskule etter Vig sin død.

Vig døydde av tuberkulose då han var berre 33 år, men rakk likevel å markere seg og sette djupe spor i norsk historie som ein frontkjempar for folkeopplysning og folkehøgskule. Det er ikkje urimeleg åt tru at Vig med sin glød og arbeidskapasitet ville stått sentralt i etableringa av folkehøgskulen i Norge, dersom han hadde fått eit lengre liv. Sjølv sa han det slik: «Folket treng å styrkast i samkjensla og halda seg vakne.» Dette er truleg like aktuelt i dag som på 1850-talet.

Av Einar Opsvik