Når det meste har gått i vranglås

Av Kjellaug Hatlen Lunde

Det er ikkje kvar dag eg grin av ei bok. Det skjedde ikkje før i ei av dei aller siste novellene her heller. Ein veit aldri for sikkert kva det er som opnar døra for gråten, for den del. Kanskje hjelper det å liggja pal ei veke med influensa, når ein trudde å unna seg tre vekers ferie var nok. At Vranglås (av Heidi Hjorteland) har opphav i eiga heimbygd, med gjenkjenning i språket og bilda kan vera utløysande faktor. Nok om det.

   Bilde kan lokka deg på dei merkelegaste vegar. Og når eit anna menneske kan skriva fram så sylklare syn, med kvardagslege rekvisittar i nesten absurde, men enkle settingar. Då er det nettopp det enkle som stiller det heile i kunstlys. Ikkje kunstig; nei heilt truverdig. Om strømpebukser, og smaken av krem frå kake med sleip finger og svettelukta rett i hælane. Meir enn det kjennest forlokkande å vera i, gjennom ei heil bok. Eg jakta ikkje på tristesser i det nye året. Men kva får ein ikkje til jul? Gåver, som ein kan opna, litt etter litt. Jo før, jo heller. Og sjå gleder.

   Jobs bok og influensasmerter, Frans av Assisi – alle påminningane som fortel deg at lyspunkta du samlar, av skattar på jorda, som ikkje er av slaget som makk og mold øyder. Det er dei verkelege glansbilda du kan lima inn i livsminneboka, og ikkje noko du får ta lett på. At du har. Du får ta på deg brillene. Vera takknemleg som får ha helsa, og heller leva med debattar om islamofobi og anna urettferd som hissar deg langt over grensene. I dei nære relasjonane, der det endå er nok av gliper med håp, blant venner som bryr seg; i dagar som gir næring frå kveiteboller med rosiner eller ein enkel tikroners pizza med ekstra jalapenos og ost. Berre fordi nokon har vore i butikken og henta han heim. Til deg.

   Er det peikefingeren frå vestlandspietismen som har innhenta ein stakkars frilynt livsnytar? Eller er det noko anna? Å ha tatt livsvalg som gir mindre pengar på kontoen, fordi lokkande arbeid frå eigne kjelder banka hardt nok på. Det hjelper. Sjølv om angsten for at rekningane ikkje let seg betala lett kan komma til å leggja seg på lur.

   Men jammen skadar det ikkje heller å kjenna etter – kva som gir såkalla eigentleg verdi, fordi ein får kontrastert det.

Å lesa Vranglås gir perspektiv. I tretti spor.

http://www.norli.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=1667058